FORFALL: Lesarbrevskribenten er uroleg for forfallet av naust langs kysten. Foto: Sverre Sangolt

Innspel til Regional plan for og innovasjon og næringsutvikling – Vestland

Fylket vårt har ein unik bygningskultur i langs kysten og innover i fjordarmane knytt til sjøbuer/naust/saltebuer osv. og ei tusen år gammal historie knytt til verdiskaping, busetnad og ressursutnytting under til dels krevjande tilhøve. Riksantikvaren er svært bekymra for utviklinga av denne unike bygningsarven i særleg grad i våre kyststrøk og konstaterer at det årlege forfallet no har nådd dimensjonar som ikkje er tolelege nasjonalt. Riksantikvaren meiner i utgangspunktet at vern gjennom bruk er den einaste og viktigaste strategien sidan vernesektoren ikkje har mogelegheit til å sikre desse kulturskattane for framtida med omsyn til ressursar. Riksantikvaren meiner også at lovverket, forskrifter og byråkratiet knytt til å ta desse bygningane i bruk er svært omstendeleg, resurskrevjande og tek så lang tid at folk flest ikkje gir seg i kast med slike prosjekt. Det er ein bekrivelse om ein alvorleg bekymring som vår organisasjon kjenner seg att i. Difor må noko gjerast no ved oppstarten av denne planen og det nye fylket.

Denne gamle bygningsmassen spelar ein viktig rolle knytt til 4 sentrale tema:

1. Kulturvernarbeid – der kulturminnestyresmaktene har eit særleg ansvar – dvs. fylkeskommunen og kommunane

2. Næringsutvikling i distriktet. Årets turistsesong er eit døme på kor verdifull kyst og fjordstrøk er i reiselivssamanheng. Autentisk og ekte opplevingar knytt til lokal kulturhistorie. Det handlar denne næringsplanen om.

3. Resirkulering av bygningar i staden for å byggje nytt – det beste døme på den omtalte og vedtekne sirkulærøkonomien og det grøne skiftet.

4. Styrkar lokal identitet og sjølvkjensle når eigarane tek vare på si eiga nære soge. Det er viktig for å halde folk i distrikta og for det særskilde ved det enkelte lokalsamfunn.

Vi ynskjer at Vestland fylkeskommune i større grad engasjerer seg i dette viktige og sentrale feltet for vårt store og vidstrakte kyst- og fjordfylke. Det bør vere eit utviklingsområde for både næringsavdelinga og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Vi veit at kommunane er opptatt av desse sakene. Det bør (eventuell gjennom kontakt og samarbeid med Riksantikvaren og Kommunal og Moderniseringsdepartementet) definerast eit utviklingsprosjekt for å setje desse problemstillingane på dagsorden.

Det sentrale i dette prosjektet må vere å tilrettelegge på plansida for å forenkle prosedyrar, dispensasjonskrav, avgifter og omstendeleg sakshandsaming knytt til bruksendring av kulturhistoriske bygningar som har den ulempa ved seg at dei alle ligg i 100 m beltet. Dette bør vere eit viktige deltema i planen og så får de plassere den tematisk der den høyrer heime.

Sverre Sangolt, leiar Naustforeininga Nytt i Naust