SVARER PÅ KRITIKK: «Me treng dei private barnehagane», skriv Eskeland og Kyvik i lesarbrevet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Inspirerande engasjement for private barnehagar

Det er eit sterkt innlegg og hjartesukk Hilde Grindevik hadde i bladet Sunnhordland. Ho synleggjer eit sterkt engasjement for trivselen og læring hjå barn. Dette ligg til grunn for over 20 års innsats med privat barnehagedrift, noko som er både inspirerande og imponerande. Høgre er eit parti som verdsett initiativet til slike jobbskaparar, og i arbeidet med å oppnå full barnehagedekning har private initiativ vore avgjerande. Høgre vil halde fram med å kjempe for at Noreg har private tilbod, for vi opplever at dette gjev valfridom for foreldre og born, og aukar kvaliteten i sektoren.

I årets statsbudsjett er det foreslått endringar i pensjonstilskotet og ei justering av kapitaltilskotet. Framlegget er ikkje endringar som er foreslått for å gjera det meir krevjande for private barnehagar. Pensjonstilskotet er foreslått justert basert på fleire rapportar som dokumenterer at vi gjennom ei slik justering treff betre på dei reelle kostnadene, og justeringa kapitaltilskotet er ein automatisk tilpassing eit lågt rentenivå. Men dette er eit framlegg til budsjett, og vi er no opptatt av å lytte til dei barnehagane som uttrykker uro og redd for konsekvensane av eit slikt framlegg. Det er mange som allereie driv med små marginar eller underskot, og er usikre på kor lenge ein kan drive slik.

Les også
Forslag om store kutt i tilskot for private barnehagar

Høgre har under denne regjeringa prioritert barnehagane, og spesielt dei private barnehagane har fått store delar av dei hundretals millionane som har gått til å nå bemanningsnorma og gjennomføre tiltak som skal heva kvaliteten. Ein anna viktig siger var å få justert driftstilskotet til 100 prosent av kva barnehageplassen til ei offentleg heiltidsplass kostar. Denne regjeringa har tatt viktige steg i retning likebehandling.

Barna er framtida vår. Private barnehagar har bidrege til å gje både betre dekning og auka kvalitet i barnehagesektoren, og dette vil for Høgre halde fram med å vere ein stor og viktig del av vår barnehagesatsing. Vi er sjølvsagt uroa over dei signala som kjem frå venstresida der ein ønsker ei kraftig nedskalering av private tilbod, både innan barnehage, skule og helse. For oss vil det difor vera sentralt å få på plass dei rammene som sikrar stabile og føreseieleg drift av dei private barnehagane. For å få til det vonar vi på god dialog om korleis finansieringssystemet kan bli betre og enklare, og som gjer at vi framover kan fokusere på kvaliteten i tilbodet.

Liv Kari Eskeland, Stortinget og Øyvind Kyvik, gruppeleiar i Stord Høgre