MAT: Jill Reed føreslår at kommunen finn ein høveleg stad der fleire internasjonale mat-kioskar frå ulike deler av verda kan samlast. Arkivfoto

Internasjonale mat-kioskar

Eg ser at rådmannen i Stord kommune vurderer å seie nei til at den populære thailanske «take away»-kiosken skal få driva vidare. Framfor å sjå på kiosken som ein skamplett, vil eg føreslå at kommunen heller finn ein høveleg stad der fleire internasjonale mat-kioskar frå ulike deler av verda kan samlast rundt eit attraktivt kommunalt langbord. Dette kan bli ein stad der folk møtest og nyt eit måltid saman, og det kunne samstundes gjera Stord til ein føregangskommune når det gjeld internasjonal matlaging og kjøkenkunst.

Kvar utsalsstad må sjølvsagt halde seg til gjeldande hygienestandard og vera ansvarlege for reinhald av kiosk og område. Det skal ikkje vera skjenkjeløyve.

Jill Reed

Les også
Hjelpes
Les også
Unødvendig firkanta
Les også
– Eg forstår ikkje kva som er problemet