INVITERER: I dag legg rådmannen fram sitt forslag til budsjett i Stord. Ordførar Gaute S. Epland inviterer kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gran til Stord. I invitasjonen peiker han mellom anna på at kommunen har trong for 90 nye sjukeheimsplassar innan 2030. Foto: Ingvild Siglen Berger

Invitasjon til Stord kommune

Kjære Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Eg vil først gratulera deg så mykje som ny Kommunal- og distriktsminister.

Etter 8 år med stadig strammare kommuneøkonomi i mange av landets kommunar er me mange som ser fram til ny politikk på dette området. Hurdalplattforma er veldig lovande i så måte, særskilt det at den nye regjeringa no legg opp til ein fullstendig gjennomgang av inntektssystemet til kommunane og fylkeskommunane. Ut frå vår erfaring er dette noko som trengst.

I den samanhengen meiner me det vil vera interessant for statsråden og den nye regjeringa å få nærare kjennskap til Stord kommune og dei økonomiske utfordringane me har stått overfor dei siste åra. Som følgje av fleire år med tøffe budsjettprosessar med betydelege innsparingstiltak er me i dag den kommunen i landet som har lågast utgifter til administrasjon. Ut frå kostratal og kommunebarometeret har me også relativt låge kostnader på alle tenesteområde. Høgast kostnader har me på området rehabilitering, helse og omsorg, men også der er kostnadsnivået om lag på landssnittet.

Trass i høg effektivitet og lågt kostnadsnivå opplever me at det vert stadig vanskelegare å løysa lovpålagde oppgåver innan gjevne økonomiske rammer. Etter vårt syn heng det saman med innretninga av inntektssystemet som ikkje i tilstrekkeleg grad er tilpassa dei konkrete utfordringane kommunar som Stord står overfor. Viktige stikkord her er:

- Kompakt kommune med låg skatteinngang

- Vekst, men ikkje veksttillegg

- Tilleggsutgifter ved å vera regionssenter

- Underfinansiering av statlege reformer som bemanningsnormer i skule og barnehage

Den utfordrande situasjonen vil framover verta forverra av den demografiske utviklinga. Ut frå SSB sine prognosar vil Stord kommune t.d. trengja 90 fleire sjukeheimsplassar innan 2030. Me kan ikkje sjå at dette vil la seg gjera utan ei grunnleggjande omlegging av inntektssystemet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vil også visa til at kommunestyret i samband med budsjett for 2020 sette i verk ein ekstern gjennomgang av kommunen si drift. Denne vart gjennomført av PWC, og rapporten stadfesta at kommunen driv effektivt og har få mogelegheiter for å kutta kostnader utan at det vil gå utover tenestetilbodet til innbyggjarane. I same budsjetthandsaming gjorde også kommunestyret følgjande samrøystes vedtak:

«Inntektssystemet: Kommunestyret er positive til eit breitt politisk initiativ overfor Storting / regjering på inntektssystemet og utslag dette får for kommunar som Stord. Det er ei felles forståing lokalt at kompakte kommunar får utilsikta og uheldige verknader på effektive «småkommunar»/regionsentre litt utanfor store bykommunar. Rådmann/ ordførar blir oppfordra til å invitere seg sjølv m/ fleire inn til møte med Hordalandsbenken/ Stortinget.»

Stord kommune gjorde i 2020 avtale om at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skulle komma til Stord. I tillegg til kommuneøkonomi stod bustadsosialt arbeid og medverknad i planarbeid og folkehelse på agendaen for besøket, to område Stord kommune har svært gode resultat på.

På grunn av covid-19-situasjonen vart aldri dette besøket gjennomført, og me vil invitera den nye Kommunal- og distriktsministeren til Stord. Me er fleksible på tidspunkt, men vonar besøket kan la seg gjennomføra innan første halvår 2022.

Beste helsing

Gaute Straume Epland

ordførar Stord kommune