HÆRVERK I FITJAR: Etter hærverket i miljøgata på Fitjar er det fleire som reagerer, deriblant Marta Kristin Kongestøl. Foto: Privat

«It takes a village to raise a child» (afrikansk pro-verb)

Kjære medfitjarbuar, me bur også i «a village».

Då eg las i Sunnhordland 26. april at det hadde vore gjort hærverk i den flotta miljøgato vår og såg korleis dette vart framstilt, då vart eg berre provosert. Hallo ...

Der står politikar, tilsette og ungdom og peikar på foreldra, altså veit dei allereie kven som står bak dette hærverket? Eller?

Kan me som er vaksne sjå på dette som eit symptom på eit gryande, svært tøft ungdomsmiljø i bygda vår?

Eit oppvekstmiljø me ikkje har lyst å tilby ungdommen vår. Det er ikkje alltid nok å ha det flott på utsida, me må dra hovuda våre ut av sanden no. Vaksne bør kanskje kjenna på ansvaret for at unge og eldre skal ha det godt og trivast på Fitjar.

Les også
Ber foreldre følgja med etter hærverk på Fitjar

Når ungdom som nett er blitt tenåringar har tilgang på røyk, snus og alkohol er ikkje dette eit sunnheitsteikn. Kven er du/dåke som forsyner ungdommen med dette? Mest sannsynleg har du/dåke også eit påslag slik at dette vert lønsamt for deg/dåke. Har eg rett? Dette er ikkje greitt, kva skjer eigentleg rundt oss?

Kvifor ser ikkje me godt vaksne dette? Kor er nabokjerringa? Er me så glade når det ikkje handlar om «oss», at me lukkar øyre og augo godt att og snur oss og peikar på dei andre?

Kan me ta oss litt lufteturar i nærmiljø og sentrum? Kan vera me møter ein ungdom me kan sjå og seia hei til. Tør me seia ifrå når me ser hendingar og oppførsel me reagerer på?

Kan me i fellesskap gjera ein innsats her?

Marta Kristin Kongestøl

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Politiet har lagt vekk saka