Jordvern: – Stord har ein ambisiøs jordvernpolitikk, og det vil vera svært lite rom for å omdisponera dyrka mark til andre føremål når kommuneplanen i Stord skal reviderast komande år, skriv Jakob Bjelland i svar til Fred Ola Bjørnstad. Her frå fjorårets juletresal i Gullbergskogen, der Bjelland klargjer juletreet for Askild Lunde Helland (9) og familien. Foto: Magne Kydland

Jordvernpolitikk i Stord kommune

Fred Ola Bjørnstad spør i bladet Sunnhordland kva politikk Stord kommune har i høve jordvern. I handsaminga av landbruksplanen i 2017 vedtok kommunestyret etter forslag frå Senterpartiet ein nullvisjon for omdisponering av dyrka mark, der målsetjing er at dyrka mark ikkje skal byggjast ned.

Altså har Stord ein ambisiøs jordvernpolitikk, og det vil vera svært lite rom for å omdisponera dyrka mark til andre føremål når kommuneplanen i Stord skal reviderast kommande år.

Les også
Indrefilet og jordvern

Men så er det slik at ein del dyrka mark i Stord kommune allereie er omdisponert i tidlegare planar. Dette gjeld blant anna deler av innmarka på Hystad, som i gjeldande kommuneplan er vedteke omdisponert til bustader.

Kvifor det ikkje er bygd ut allereie er det sikkert fleire årsaker til. Men når planstatus er bustadareal kan eigedommane delast og seljast utan dei avgrensingane jordlova set for areal regulert til landbruksføremål, og ein kan med bakgrunn i planstatus fremja reguleringsplan for utbygging.

Uansett skal reguleringsplan for området handsamast grundig både av administrasjon, utval for plan og utvikling og kommunestyret før eventuell utbygging kan starta.

Så det vil vera fleire høve til å koma med innspel og til å flagga synspunkt i løpet av denne prosessen, både frå innbyggjarar og politisk hald.

Jakob Bjelland,

Stord Senterparti