KAFFITØRST: Geir Einarsen saknar kaffiservering på Leirvik med utsikt til sjøen. Foto: Geir Einarsen

Kaffi i hamna i Leirvik?

I går var eg i Leirvik og tenkte at det hadde vore kjekt å ta ein kopp kaffi og sjå på livet i hamna.

Eg gjekk rundt i hamna, men fann ingen plass med kaffiservering!

Eg måtte gje opp den kosen!

Er det eg som er blind?

Til slutt gjekk eg opp og tok ein kopp kaffi på «Burger King».

Der så eg ikkje sjøen!

Dette er for dårleg for dei som kjem til Leirvik!

Geir Einarsen