Kampen for kloden – kampen for kraft!
Raudt Stord er medarrangør på Raudt sin opne energi- og miljøkonferanse i Skakke-senteret i Etne laurdag 21. mai. Raudt sin representant og 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Sofie Marhaug, vil innleie til debatt og høyringsinnspel om brennaktuelle energi- og miljøpolitiske utfordringar som skal bli handsama i komiteen og i Stortinget i denne vårsesjonen. Nokre av dei aktuelle temaa også for innbyggjarane i Sunnhordland er:
- Korleis kan vi sikre nasjonal politisk kontroll over vasskrafta og dei skyhøge straumprisane?
- Korleis kan vi sikre nok rimeleg og stabil energi til hushaldningane, industrien og næringslivet i Norge i framtida?
- Er det eit berekraftig alternativ å byggje ut meir vindkraft på land og til havs og byggje ut verna vassdrag?
- Kan energiøkonomisering og opprusting av eksisterande kraftanlegg og linjenett vere eit godt alternativ?
- Er det framtidsretta å satse på luftspenn eller sjø- og jordkabelalternativ for sentral- og regionalnettet?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Bør Norge framleis vere underlagt EU sin indre energimarknad gjennom EØS-avtalen og EU sitt energibyrå ACER?
- Kva slags handlingsalternativ har Norge for å kutte våre eigne klimagassutslepp fram til 2030 og samstundes utvikle hundretusener nye klimavenlege arbeidsplassar i Norge?
På denne konferansen vil det vere sentrale eksterne innleiarar som vil fokusere på ulike tema. Desse er leiaren i Industriaksjonen i Norge, Remy Penev, leiaren i Motvind Norge, Hildegunn Flengstad og leiar i Fiskarlaget Vest, Terje Eriksen. Til slutt vil ordføraren i Haugesund, Arne Christian Mohn (AP) og Dag Jørgen Neraal frå Forum for Sjø- og Jordkabel Teknologi (www.FSJT.no) innleie om luftspenn vs. sjø- og jordkabelalternativ for Statnett si nye 420 kV-linje frå Blåfalli i Kvinnherad via Etne og Vindafjord til Gismarvik på Haugalandet.
Som medarrangørar har vi invitert både politikarar, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar i heile regionen til debatt og høyring om desse viktige temaene i Etne kommande laurdag.
Raudt Stord v/
Mohamed Kallel