«Kan biblioteket vera ope lenger?»

Eg heiter Salomon og er 8 år. Eg er lei meg fordi biblioteket er sommarstengt. Eg er med på Sommarles som er norges største lesekampanje. Når eg skal henta premie for sommarles så rekk eg ikkje det, på grunn av at det stenger så tidlig, klokka 16.00.

Opningstider: Salomon Fagerbakke Valvatna (8) og tre av dei ni Kaptein Supertruse-bøkene han har lese i sommar. Foto: Privat

Det er sikkert andre barn som også er med på sommarles og synest dette er dumt. Kan nokon fikse det? Eller kanskje det går an å få ein avtale med nokon slik at premiane kan hentast sjølv om det er stengt?

Helsing Salomon Fagerbakke Valvatna, 8 år