FORSLAG: Slik ser ein potensielt føre seg eit nytt krisesenter. Kjell Larsen tek i lesarinnlegget til orde for å samla tilbodet om all psykisk helse til Valen sjukehus, for slik å frigjera lokale til nytt krisesenter. Foto: HOLON

«Kan ei omorganisering av det psykiske helsetilbodet i Helse Fonna frigjera lokale til nytt krisesenter?»

Eg kunne lesa i avisa Sunnhordland eit ønskje om å bygga nytt Krisesenter Vest IKS avdeling Stord. Det vil nok vera eit påkravd, og heilt sikkert eit behov, med nye lokale etter 40 års drift i lokale som ikkje strekkjer til overfor dagens krav. Eg har i fleire høve ymta frampå om moglegheiter med eit samarbeid mellom kommunar og Helse Fonna som burde sjåast på som ein moglegheit. Eg vil no atter ein gong komma med eit innspel som eg meiner kan vera eit brukbart alternativ, med både praktiske og økonomiske gevinstar. Oppsummeringa av mitt forslag:

1. Å samla tilbodet om all psykisk helse til Valen Sjukehus.

2. Dette vil frigjera lokale til nytt krisesenter.

3. Auka kunnskap i skulen for å førebyggja vald i heimen.

Krisesenteret Vest IKS er eit samarbeid mellom 17 kommunar. Stord og Haugesund har kvar sine avdelingar som dekkar behovet for folk og familiar i nære relasjonar som trenger krisehjelp innanfor disse 17 kommunane. I følgje årsmeldinga frå Krisesenteret Vest IKS er 70 % døgnbrukarar av tenesta, samt at 50 % nytta dagtilbod. Med dette behovet kan det då vera relevant å sjå på andre husværeløysingar som kan tilfredsstilla deira behov, utan å svekka kvalitet og behovet for tenester.

Les også
Nytt bygg får grønt lys av formannskapet

Når Helse Fonna har lagt ned ein av dei to døgnavdelingane på DPS-Stord, vil det då vera klokt om avdelingane på Stord vert flytta til DPS Valen sjukehus, som dermed kunne overta alt innanfor DPS-behovet i Sunnhordlandsregionen? Valen sjukehus har ein heilskap som er udiskutabel, som har eit tilbod som få andre kan tilby innanfor psykisk helse. Rekreasjonsområdet rundt sjukehuset er heilt glimrande og etter mi meining ein del av den viktige rehabiliteringa for å oppnå helsemessig gevinst. For å referera ein kjent og legendarisk lege som for ein del år sidan sa om rekreasjonsområdet på Valen: «Når pasientane nytta områda rundt sjukehuset vårt, kunne ein sjå at det gjorde så merkbart positivt utslag i medisinskapet på sjukehuset». Etter mi meining vil denne organiseringa openbart heva kvaliteten for brukarane og få ein økonomisk gevinst for helseføretaket. Det er også eit viktig argument for å kunna skapa eit samla DPS i Sunnhordlandsregionen under same tak, og gje ein gevinst med at ein står sterkare overfor den sentraliseringa og politiske favoriseringa til Haugesund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Krisesenter i 40 år - no vil dei ha eit nytt felles bygg

2. etasje på DPS Stord kan, med noko ombygging, nyttast til nye lokale for krisesenteret. Eg vil meina at med eit slikt konsept kan kommunane spara på investeringskostnadar og mogelege driftskostnadar. Og med at alle kommunane er under same helseføretaket, vil det ikkje vera eit minus å få i stand ei form for samarbeid om viljen kan råda. Sidan ordføraren i Stord kommune, Gaute S. Epland, sit som nestleiar i representantskapet for Krisesenteret Vest IKS, vil det vera nærliggjande at han løyser seg frå det eventuelle «borrelåsen» som han sit på og deretter reiser seg for og hjelper sine politiske kollegaer med og forløyser dei frå «borrelåsane» dei også sit på. Dette er fordi ikkje «toget» nok ein gong skal gå før politikarane klarar å reagera. I og med at det er 6 kommunar i regionen vår som er medlemmar i Krisesenteret Vest IKS, bør kanskje Samarbeidet for sunnhordlandsregionen involverast, sjølv om at det kan vera ein uvant situasjon for dei å jobba med å flytta som i detta tilfelle ein institusjon som DPS Stord til Kvinnherad. Klarer dei 6 medlemskommunane i Sunnhordlandsregionen å bli samde om denne saka, vil eg tru det vil bli ei kurant sak og få dei andre kommunane innanfor Krisesenteret Vest IKS med på ein «fellesnemnar» kring ei så viktig sak som dette er.

Sjølvsagt kan det også vera andre løysingar enn det som eg fremjar, men kanskje nokon andre har liknande modellar med eit samarbeid med helseføretaket. Men det er nok Helse Fonna som i sin heilskap sit med den viktige «nøkkelen» i denne saka.

Les også
Solveig var innestengd i 48 timar før ho klarte å røma

Eit anna spørsmål er kva førebyggjande tiltak som kan gjerast for å redusera behovet for familiar som må ty til å rømma til eit krisesenter. Etter mi meining er familievald eit av dei verste samfunnsproblema. Sidan Noreg er blitt fleirkulturelt med stort mangfald, kan det ha påverka at det er blitt eit påtrykk for mange krisesentera rundt om i landet. Då er det spørsmål om dette inneber kulturelle skilnader innan eit familieliv. Uavhengig av kva kulturbakgrunn ein har, vil eg meina at det kunne bli ein samfunnsførebyggjande gevinst å få implementert, eller få kraftig styrka eit fag i skulane som er meir målretta mot områda innan samfunnslære. Til dømes kan tema innan kommunikasjon – toleranse – samliv, kunne medverka til å skapa og oppnå tillit på tvers av ulike kulturbakgrunnar. Og det vil også vera viktig å belysa den einskilde sitt ansvar, og kva samfunnskonsekvensar mishandling medfører.

Fokus på tidleg kunnskap meiner eg kan medverka til at huslydane vil kunna få eit meir harmonisk samvære som gir tryggare familieliv, samt at det kan medverka til sparing av betydelege offentlege midlar.

Dette kan vera ein god nyttårsstart for deg, ordførar Gaute S. Epland, i året 2022.

Kjell Larsen