Jan Hevrøy treng hjelp med å forstå kvifor ein ikkje får kvittering for bruk av Autopass på ferjer.
Jan Hevrøy treng hjelp med å forstå kvifor ein ikkje får kvittering for bruk av Autopass på ferjer. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

«Kan nokon forklara meg kvifor?»

Om eg kjøper ei teneste av ein person, og betalar han/ho svart, så får eg ikkje kvittering på kva eg har betalt.

Om eg kjøper ei vare og betalar under bordet, så får eg ikkje kvittering på kva eg har betalt.

Om eg kjøper billett på ei ferje, og betaler med Autopass ferjekort, så får eg ikkje kvittering på kva eg har betalt.

Dei to første døma her er ulovlege.

Den tredje er lovleg.

Kan nokon forklara meg kvifor?

Jan Hevrøy