VIL HA SJUKEHUSMAT: Kjell Larsen er stornøgd med maten på Stord sjukehus og meiner at Stord kommune bør inngå matavtale med Helse Fonna. ARKIVFOTO:

Kan Stord kommune samarbeide med Helse Fonna om innkjøp?

Det har vert mykje snakk om kommunen sin løysningar når det gjeld matleveransen til ulike institusjonar, som i dag blir kjøpt frå Bergen, med ein forholdsvis lang logistikk. Er det ikkje då viktig at politikarane i kommunen vår tek tak i denne saka, sidan kontrakten med Bergen Storkjøken går ut no til hausten.

Eg meiner det kan vera ein tanke med eit samarbeid med Helse Fonna når det gjeld matlevering, spesielt når det gjelde middagar. Det og kunna få leveranse frå kjøkenet på Stord Sjukehus. Sistnemnde har vorte landskjent når det gjelde kvalitet på maten dei serverer pasientane noko som underteikna kan skriva under på.

Dette vil medverka til kortare logistikk. Det vil igjen gi gevinst både på kvalitet og kan gi arbeidsplassar, for ikkje å snakka om skatteinntekter til fellesskapet i kommunen, i staden for Bergen. Med litt omrokering ved kjøkenet ved Stord Sjukehus når det gjeld plass, vil dette vere fullt ut mogeleg å gjennomføra. Og dessutan at ein og må sjå på mogelegheita med eit samarbeid med lokale cateringfirma som har kapasitet til slike oppgåver.

Eg har fått følgjande info frå Helse Fonna med omsyn til matkostnadar:

1 Frukost kr 29.-

2 Middag kr 40.-

3 Kaffi m/kaker kr 5.-

4 Kveldsmat kr 29.-

5 Ved spesielle diettar vil prisane variere med kr 10-20.-

Desse prisane er inkludert produksjonspersonell. (Dette er priser frå oktober 2020.)

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen kjøper i dag middag med leveranse frå Bergen Storkjøken til dei ulike institusjonar på Stord, med ein årleg prislapp på kr 2.305.079.- u./mva. inkludert transport. (Noko eg vil tru er heftig del av prisen) til ca. 170. brukarar i og utanfor intuisjonar kvar dag, med at internt transport ikkje er utgiftsført for dei ulike institusjonar i kommunen.

Med at kommunen er storforbrukar av det som omfatta lintøy, som sengklede/handleder/ uniformer med meir med ein årleg kostnad på kr 2.063.895 kroner, kunne det kanskje vere ein tanke å få etablert eit vaskeri. Det vil eg tru kunne ha blitt gjort via eit samarbeid med Podlen Verkstad og/eller Viergo på Bømlo og for uføretrygda og utviklingshemja. Om det ikkje skulle lar seg gjera med eit samarbeid med Helse Fonna eller dei lokale cateringselskap. I så tilfelle kunne det kanskje vera mogeleg å inkludere nabokommunar, Bømlo og Fitjar er mest nærliggjande med omsyn til logistikken, som normalt ville gi lågare kostnader. (Sameigedrift). Ein må også sjå på den mogelegheita med lintøy som industrien og hotella er storforbrukar av.

Men uansett kva politikarane hamnar på når denne saka ligg på bordet, er eg overtyd på at detta vil gi ein samfunnsøkonomisk gevinst med og gå vekk ifrå avtalen med Bergen Storkjøken.

Underteikna vil nytta høve, sidan dette teamet omfatta den øvste administrasjonen i kommunen, dvs. rådmannen, som har den viktige oppgåva å fremja gode løysningar for politikarane og forvaltninga i kommunen/ane. Eg vil difor på generelt grunnlag fremja at ein slik stilling kanskje burde bli tilsett på åremål, slik at jobben som blir gjort kan samanliknast med dei øvste leiarane i industrien som blir skifta ut.

Rådmannen Magnus Mjør har hatt jobben i 13 år i Stord Kommune, og er ein av dei rådmenn som har lengst tenestetid i ei slik stilling gjennom tidene. Eg må få understreka at underteikna ikkje har nokon oppfatningar om at Mjør har gjort noko dårleg jobb. Det kunne difor vore interessant om blant andre ordførar Gaute Straume Epland, kunne sjå seg tid med å komma med interessante innspel til mine synspunkt.

Kjell Larsen