FOR ALLE: Ein 15 år gammal ungdom ber vaksne i skisporet om å tenka over kva dei seier til folk. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kjære alle vaksne

Som ungdom er det noko eg har lyst å seia til deg. Eg håpar du kan tenka deg om neste gong du blir sint og irritert, på ein uskyldig ungdom som prøver å gjera sitt beste. Tenk deg om neste gong du står på ski i lysløypa, og blir irritert på ein ungdom som kanskje ikkje går like raskt som deg. Tenk på kva irritasjonen din påfører den ungdommen som har gledd seg til å stå på ski i lysløypa. Men så kjem du i full fart og gir stygge blikk, og kanskje ein uhøfleg kommentar om at eg må flytta meg. Om du hadde vore ungdom, hadde du syntest at dette var kjekt? Har du tenkt på at din eigen egoisme kan øydeleggja for gleda til ein ungdom? Det er du som er vaksen som har ansvar, og skal vera eit godt førebilete for oss unge. Kanskje den sure kommentaren din akkurat den gongen var det som skulle til for at begeret til ungdomen blei fullt, og rann over.

Me ungdommar har mykje å tenkja på, og me har ekstra sterke kjensler i ein sårbar situasjon. Tenk tilbake på den gongen du sjølv var ungdom. Korleis ville du sjølv likt å bli møtt av andre vaksne? Husk på at det er du som vaksen som skal oppdra neste generasjon, det er du som er vårt førebilete, og skal visa oss unge korleis me skal oppføra oss. Det du gir, får du tilbake … .

Heldigvis er dei fleste vaksne kjekke, men tenk på at det skal minst fem positive kommentarar for kvar negativ kommentar i løpet av ein dag. Og veit du kor mange negative kommentarar den ungdommen, som du blei så irritert på, har fått akkurat den dagen?

Ungdom, 15 år

(Sunnhordland har som hovudregel at alle debattinnlegg skal signerast. Her gjer me eit unnatak slik at ungdom 15 år kan få komma med denne oppmodinga)