Bjarte Epland, SLT-koordinator på Stord. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kjære foreldre, engasjer dykk!

Våren 2020 har vore annleis. Covid-19-pandemien og smittevernrestriksjonane har ført til store endringar i kvardagen til ungdommane våre. Vanlege skuledagar med undervisning, friminutt og sosial kontakt med jamaldringar har i åtte lange veker vore erstatta av heimeskule, Teams-møte og lunsj med mor eller far på heimekontor. I staden for å vere opptekne med dei vanlege fritidsaktivitetane, har dei unge sett på seriar, gama og kanskje gått ein og annan tur med foreldre og søsken. Helgeturar og turneringar blei avlyste over natta. Koronalivet har vore monotont og kjedeleg for mange, og dei unge har vore spesielt hardt ramma.

Ein annleis vår skal no bli følgd av ein annleis sommar. Smittevernrestriksjonane er ikkje like strenge lenger, men sommaren 2020 vil likevel i stor grad vere prega av smittefaren: få eller ingen utanlandsferiar, ingen korpsturar eller fotballturneringar, færre klemmar og ein stadig redsel for at smittetala skal begynne å stige igjen.

Det er tøft for mange av oss, men ekstra tøft for ungdommen. Mange unge fortel om einsemd og psykiske utfordringar. Til dømes viser ei undersøking som Opinion har gjort for Røde Kors, ein auke frå 20 til 45 prosent i opplevd einsemd i aldersgruppa 16 til 23 år for månadene april og mai.

Foreldrerolla er ekstra viktig no, og sjølv om det er herleg at du og ungdommen din endeleg kan leve litt separate liv igjen og ikkje treng å gå oppå kvarandre døgnet rundt, er det viktigare enn nokon gong at du engasjerer deg.

Snakk med ungdommane om korleis det er å vere ung no som dei fremste kjenneteikna på ungdomstida – fridom, mykje vennekontakt og travle dagar med trening og aktivitetar – er endra på grunn av koronaviruset og smittevernomsyn. Snakk med dei om psykisk helse og rusbruk, og hjelp dei med å lage vennetreff og arrangement, slik at dei kan møtast utan å bryte smittevernreglane. Og tør å setje grenser for utetider og alkoholbruk, sjølv om du av heile ditt hjarta unner dei å vere saman med andre enn deg og kjernefamilien.

Mange stader har oppmjukinga av smittevernreglane ført til at ungdommar samlar seg for å drikke og feste. Politiet rundt om i landet fortel om mindreårige festdeltakarar, høg promille og farlege situasjonar. Dette har me også sett på Stord. Me høyrer i frå foreldre, lærarar, utekontakten og lokalt politi at det dei siste helgene har vore mykje festing blant ungdommane.

Det er alvorleg når ungdom under 18 år drikk alkohol. Vurderingsevna blir dårlegare, og det blir lettare å utsetje seg sjølv og andre for unødig risiko. Når ein er påverka av alkohol, er ein meir utsett for ulykker, konfliktar, ulovleg spreiing av bilete og videoar,og det er større risiko for at ein har sex som ein angrar på.

I år er det ein ny risikofaktor på ungdomsfestane: koronaviruset. Alkohol kan gjere at ungdommane mister hemningar. Det er lettare å gløyme etablerte smittevernreglar som handvask og avstand til andre. I tillegg aukar risikoen for åtferd som er direkte smittefremjande, som tett kroppskontakt og drikking av same flaske.

Stord treng foreldre som snakkar med ungdommen om alkohol, og som tør å setje tydelege grenser. Dette kan du som forelder gjere:

•Snakk med ungdommen din om samanhengen mellom festar, menneskemengder og smittespreiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

•Set tydelege grenser både for alkoholbruk og sosiale samankomstar. Forsking viser at i familiar med klare reglar for bruk av alkohol drikk tenåringen mindre og meir forsiktig enn jamaldringane.

•Tilby deg å køyre og hente når ungdommen din skal på fest, slik at du veit kvar han eller ho er, og kven han eller ho er saman med.

•Snakk med andre foreldre og bli einige om felles reglar. Ver på tilbodssida og bidra til aktivitetar som varetek smittevernomsyn, samtidig som dei engasjerer ungdommen.

Denne sommaren blir annleis enn vi hadde sett for oss. Gjer ditt for at han likevel blir så trygg og god som mogleg, både for deg og tenåringen din.

Bjarte Epland, SLT-koordinator i Stord kommune og Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær Alkovettorganisasjonen Av-og-til