– Det vert feil om borna våre skal fylla opp tomme plassar i barnehagane på Leirvik og i Nordbygdo, om Nysæter vert lagt ned. Det vil jo då vera ganske innlysande kvar mangelen på barnehageplassar er, skriv Elisabeth Folkestad i dette lesarinnlegget. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Kjære politikarar, ikkje straff små uskuldige samfunnsborgar»

Eg sit her, undrande og klør meg i hovudet. Undrande over kva?

Jo, for korleis Stord kommune no driv den kommunale barnehagepolitikken sin. Snakk om polarisering av eit lite samfunn.

Politiske personar, tek tydeleg side i saka, forbund står fram med heller litt diffus informasjon, til fordel for ein av dei føreslått nedlagte barnehagane. Er det verkeleg slik at ein slit med å bemanne heile sjukehuset, DPS og ambulansane om Furuly vert lagt ned? Er heile Helse Fonna på Stord bygd opp rundt EIN barnehage?

Eg har diverre vanskeleg for å finna desse påstandane truverdige, utan meir dokumentasjon, ikkje berre med underskrifter frå alle seksjonsleiarane.

Kva er ståa, jo to av barnehagane ligg på Leirvik, ein til og med på «den rette sida av bekken», medan den tredje ligg i Sagvåg, på Litlabø. Her har me allereie vore råka av ei nedlegging. No når Litlabø skule har fått sin del av trøkk, pes og psykisk stress, er det barnehagane her i området som skal få gjennomgå.

Les også
Vanskeleg val i barnehagesaka

Eg kunne skive side opp og side ned om kor utruleg nøgde me er med dei tilsette, kor glade borna våre er i dei som jobbar der og borna dei omgjev seg med dagleg, om kor glade dei vaksne er i borna og all kjærleiken dei gjev. Vidare kunne eg skrive om kor flinke personalet er å tilrettelegge, både med det eine og det andre, i tillegg til kor gode alle som jobbar der, inkludert pedagogisk leiar og nestleiar er å involvere seg med foreldre og born. Eg kunne nesten skrive eit bok om at dette er tredje barnet eg har i denne barnehagen, og kor godt alle har hatt det. Vidare kunne eg funne mang ein veg å snakka i det vide og breie om at 16-åringen i huset framleis snakkar om kor godt ho hadde det i denne barnehagen.

På den andre sida har eg også fått kjenna på kroppen kva det kan gjera med ei lita sjel, å påtvunge måtta byta barnehage. Det enda med at eg tok eine barnet mitt ut av barnehagen, då konsekvensane av at den kjære trygge, gode, glade barnehagen vart lagt ned, gjekk for sterkt innpå den personlege utviklinga.

MEN eg vel halda meg til litt andre reinspikka fakta, som inkluderer dei andre borna i nærmiljøet, og ikkje kun ha fokus på mine og mitt. Borna har rett på ein barnehage i nærområdet.

Difor har eg brukt litt tid på å lesa litt på www.regjeringen.no.

Kva seier Kunnskapsdepartemenet om «Kompetanse for fremtidens barnehager».

Artikkelen held fram under annonsen.

«En god barndom er viktig i seg selv og for resten av livet. Alle barn skal få et godt barnehagetilbud, uansett hvor de bor og hvilken barnehage de går i. Ny rammeplan for barnehagen som trådte i kraft høsten 2017, bygger videre på den norske barnehagetradisjonen der omsorg, lek, læring og danning ses i sammenheng.»

Kvifor ynskjer no dei på Stord, å riva opp våre kjæraste vaksande små blomster, frå trygge, stabile og kjende omgjevnadar? Kvifor ser det no ut til at det er KUN Nysæter som har gått gjennom den lovelege prosessen for diskusjon om nedlegging?

Les også
– Kjem ikkje utanom barnehagekutt

Vidare står det i skrivet frå Kunnskapsdepartementet:

«Det er store variasjoner i kvaliteten på barnehagetilbudene. Ny rammeplan er ett av flere viktige skritt i retning av en god barnehage for alle barn. For å lykkes med å utvikle kvaliteten og med å realisere kravene i rammeplanen må vi drive målrettet kompetansebygging i barnehagesektoren - sammen!»

Politisk sett, bør vel ikkje dette koma som ei overrasking, for dei som sit på økonomistyringa i Stord kommune? Det skjønar jo også den enkelte borgar, at med kompetansebygging, kjem kompetanseheving, som igjen gjev større kostandar. Kven er ikkje vel unt personale med høg fagleg kompetanse, som faktisk gjere jobben sin, og som veit kva dei held på med? Skal ein verkeleg straffa dyktige arbeidarar, som faktisk i vaksen alder brukar tida si på å studere, for gje borna våre ein enno betre kvardag i barnehagen sin?

«Kompetansestrategien gjelder for perioden 2018– 2022. Kvalitetsutvikling i barnehagen innebærer en stadig utvikling av personalets kompetanse. Strategiens tiltak skal bidra til å videreutvikle barnehagen som lærende organisasjon og styrke barnehagelærernes profesjonelle fellesskap. Styrer og pedagogisk leder er gitt et særlig ansvar for å iverksette og utvikle barnehagens praksis i tråd med oppdatert forskning og kunnskap på feltet. Flere barnehagelærere med kompetanse på mastergradsnivå i barnehagen vil kunne bidra til utvikling av en kunnskapsbasert praksis som understøtter intensjonene i ny rammeplan».

Les også
Foreldre og barnehagetilsette heldt tordentalar under open høyring på Rådhuset

Kvar i denne kompetansestrategien er det Stord kommune dett ut? Kvifor ser det ut til at dette ikkje er så viktig for dei som styrer Stord kommune, å fylgje denne prosessen? Korleis kan nokon som styrer ein kommune argumentere med at personalet i ein barnehage har for god kompetanse, og difor er for dyre i drift? Det er faktisk eit KRAV Stord kommune som eigar av barnehagar har, å tilfredstilla retningslinjene frå Kunnskapsderpartementet:

«Barnehagens eier og ledelse skal legge til rette for kompetanseutvikling for alle ansatte Utvikling av kvalitet i barnehagen er avhengig av at de ansatte får mulighet til å heve sin kompetanse, både individuelt og i et faglig fellesskap. For å skape en kultur for felles læring og kvalitetsutvikling i den enkelte barnehage må eier og ledelse iverksette og lede kollektive utviklings- og endringsprosesser. Styrer er gitt det daglige pedagogiske ansvaret for at arbeidet er i tråd med barnehageloven og rammeplanen, og for at personalet utvikler en felles forståelse for samfunnsoppdraget. Pedagogisk leder er gitt ansvaret for å iverksette, lede og veilede medarbeidere i arbeidet med barna. Styrer og de pedagogiske lederne må sammen sørge for at barnehagens verdigrunnlag og rammeplanens intensjoner etterleves og oppfylles i praksis. Barnehagens ledelse må, sammen med personalet, systematisk vurdere om egen praksis og barnehagens virksomhet bidrar til dette.»

Når Controller i Stord kommnue, Iren Dyrseth, uttalar seg, ref. Stord24 i går (11.02-2020 kl 13:09), om at vedtaket om å leggje ned Furuly barnehage kan bli vurdert uloveleg. Lurar eg på kvifor det kjem no, kun 2 dagar før saka skal opp i kommunestyret?

Tenkjer då det er på sin plass å informera om at me søkjer svar i om prosessane i Sagvåg og Litladø-avdelingane er rett handsama.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Barnehage-vedtak vil truleg ikkje tola lovlegkontroll

Lat meg presisera - eg er IMOT nedlegging av både Nysæter og Furuly!

Nedlegging av avdeling Nysæter vert grunngjeve med at dei fleste forelderen jobbar på Leirvik og at dei skal same veg uansett. Dette er heller dårlege argument.

Etter nedlegginga av avd. Litlabø, trudde me verkeleg me skulle få behalde den kommunale barnehagen avd. Nysæter gjorde at fleire av oss turte satsa på å ha borna våre vidare i denne barnehagen.

Det vert feil om borna våre skal fylla opp tomme plassar i barnehagane på Leirvik og i Nordbygdo, om Nysæter vert lagt ned. Det vil jo då vera ganske innlysande kvar mangelen på barnehageplassar er. Og det er IKKJE i Sagvåg/Litlabø.

Kjære politikarar, ikkje straff små uskuldige samfunnsborgar for at dei har barnehagepersonell med høg kompetanse, som er der for dei store delar av dagen!

Sjå heller på andre løysingar, kutt på det jamne, i staden for å legge ned ein heil barnehage!

Det er på sin plass å takka dei politikarane/politisk (e) parti som har støtta oss i denne tunge prosessen, og håpar de framleis støttar oss i morgon og vidare.

Helsing Elisabeth Folkestad

Sliten, rådvill og lei av å kjempe for barnehagetilbodet-mor