Meiningar: – Eg håpar inderleg at Stord Senterparti kan blåsa støv av valløfta sine, og komma seg tilbake på rett spor, skriv Christian Waage for samarbeidsutvalet i Furuly barnehage. Her saman med Elisabeth Kvam som også er forelder i barnehagen. Foto: Olav Røli

Kjære Stord Senterparti

Korleis kan de som parti gå inn for å leggja ned kommunale barnehagar? Det er berre rundt eit halvt år sidan valet, er valløfta gløymde allereie?

Stord Senterparti gjekk til val på tryggleik og velferd. Ifølgje valprogrammet skal innbyggjarane på Stord vera trygge på at dei vil få den hjelpa dei treng, når dei treng ho. Dette inneber eit variert barnehagetilbod med god kvalitet og eit trygt oppvekstmiljø. De skriv at Stord Senterparti skal arbeida for at dei som veks opp i Stord kommune skal ha trygge og gode oppvekstvilkår. Både i nærmiljøet der dei bur, i barnehagen og på skulen. Det er viktig at miljøet rundt borna utgjer ein heilskap.

Les også
Vil heller leggja ned Furuly barnehage enn Nysæter: – Veldig skuffa og overraska

Ved å leggja ned kommunale barnehagar, gjer de eiga partiprogram til skamme. De skriv noko og gjer det stikk motsette. Born vert røska vekk frå sine trygge og gode oppvekstvilkår. De bryt ned både nærmiljøet og barnehagen. Stord SP lova å arbeida for eit variert barnehagetilbod med ulike storleikar og ulike fokusområde. At alle skulle ha tilbod om barnehageplass i nær avstand til heimane sine. I staden vil de riva ned det einaste kommunale tilbodet me har på Ådland. Furuly barnehage er også ein av dei få små barnehagane i Stord kommune.

De skriv at de er opptekne av å tenkja langsiktig, både når det gjeld menneske, miljø og økonomi. Det verkar ikkje slik i denne saka. Her viser både rådmannen og Norconsult til at dersom Furuly barnehage vert lagt ned, må desse barnehageplassane erstattast. Allereie i 2022 vil kommunen ha for få barnehageplassar. Det er også heilt paradoksalt å leggja ned ein barnehage for å spara 1,7 millionar kroner på drift, når det dei neste åra er tenkt å effektivisera drifta i heile kommunen og spara rundt 35 millionar kroner årleg.

Les også
Flytta frå Bergen grunna barnehagen. No står han i fare for å verta lagt ned

Stord SP ynskjer eit Stord-samfunn der innbyggjarane tek omsyn til kvarandre og til øya vår. Ein trygg, meiningsfull og triveleg kvardag for alle, legg det beste grunnlaget fr varig velferd for stordabuen.

Eg håpar inderleg at Stord Senterparti kan blåsa støv av valløfta sine, og komma seg tilbake på rett spor. Det Stord-samfunnet dykk skriv om i valprogrammet er nemleg det samfunnet eg vil leva i. Ikkje gøym dykk bak at koalisjonen har vedteke eit budsjett. Det er lov som parti, og som enkeltpersonar, å setja foten ned og seia at her har det gått både for fort og for langt.

Christian Waage

Samarbeidsutvalet, Furuly barnehage

#FurulyForever