Osteopat kjem med oppklaring
Min intensjon var aldri å framheva osteopati på bekostning av andre yrkesgrupper. Eg ønskte å gi ei forklaring på korleis eg som osteopat jobbar då dette er ein ukjent profesjon for mange i Sunnhordland. Det var ikkje på nokon som helst måte meint som samanlikning mellom profesjonane.
Det er fleire godt kvalifiserte behandlarar av muskel og skjelettplager, kor ein i stor grad deler kunnskap om årsakssammenheng og ulike gode tiltak. Vi har alle same mål og intensjon med behandlinga vår som til dømes å gi pasientane smertelette, bedre funksjon og ein bedre kvardag. Dette kan gjerast med ulike tilnærmingar. Vi som osteopatar er ikkje i staden for, men i tillegg til, for å gi valfridom til pasientane.
Rebecka Refvik
Osteopat D.O MNOF, ved Bømlo osteopati