SKATTESJOKK: Linda Ulvatne er hytteeigar i Fitjar og skriv i lesarbrevet om hytteeigedommen familien har som no er taksert til 6,3 millionar kroner. Foto: privat

Kommunal eigedomsskatt - det syg nett som myggen

Eg er hytteeigar i Fitjar. Og det er dessverre ikkje mykje å rope hurra for. Eg opplever å bli melka som smikko syg blod. Hadde eg vore fiffen, kunne eg sikkert funne på å seie at eg eig «et landsted» i fitjarøyane, men eg er ikkje det, eg er frå Os i Bjørnafjorden kommune og kallar dette for hytto, mi arv.

Det må seiast at eg slekte attende til Fitjar og Bømlo i uminneleg tider. Eg har aner rett ned frå Rimbareid, Vikgarden, Fitjagarden, Tufteland med fleire. Ja, eg hadde oldeforeldre i både Nordfonno og i Bukkøyo, og slik kan eg halde fram på både mor- og farside. Det ligg i genane mine å vere her. Dette er hytto på tufta etter morfar som kjøpte det i 1913 og sidan sleit seg ut. Etter det arva mor mi eit lite stykke i 1969, og så overtok eg og mine søsken i nyare tid. Eg, eller rettare sagt sameige, eig knappe tolv mål. Det meste er steile berg, myr, lyng, bjørnebær, noko bø og evinnelege mykje smikke som syg siste rest av blod ut av oss i kveldar som er svartastill og vakker.

Les også
Eigedomsskatten i Fitjar kommune

Eg har, på lik linje med mange i Fitjar, fått eigedomskatt ut frå nye takstar. Eg har også i helga fått tilsendt noko av debatten i avisa frå familie, der tidlegare ordførar Wenche Tislevoll, ytrar uro, og kommunen fremjar at dei har gjort alt rett etter vedtektene. No er ansvaret skubba over på kvar enkelt av oss, då kommunen oppfordrar alle om å sjekke om taksten er riktig, vidare at dei kan klage. Kommune behandlar klage på den kommunale fastsetjinga, men ser ikkje ut til påta seg eit ansvar for heile taksten.

Eg har forståing av at ein liten kommune som Fitjar treng kvar ei krone dei kan få syge til seg. Det er vel ikkje betre fatt i denne småkommunen, enn i mange andre kommunar i Noreg, men rett må vere rett. Eg, eller sameige eg er ein del av, har fått ein gastronomisk takst. Eg er tydelegvis blitt mangemillionær over natta, utan at eg merkar mykje til det.

Det er synd eg ikkje såg denne eksplosive prisveksten kome, då skulle eg «pika dø» ha kjøpt fleire eigedomar som har vert til sals dei seinaste åra her ute i øyriket. Eg kunne då ha gjort god forretning. Vi nærmar oss jo verdiar dei har hatt på sør- og austlandet. Det er der det blåser flau vind og våren kjem tidleg.

REAGERER: –Eg kunne likt å vite kor mange øyeigedomar som har blitt avhenda for 6.000.000 kroner dei seinaste åra! skriv lesarbrevskribenten. Foto: Privat

Sameiget vårt er verdsett til å kunne avhendast for 6 304 000 kr. Vi eig like under 12 mål jord og har ei gamal hytte, bygd i 1968 av rivningsmaterial frå det gamle hotellet på Os, måttete, råteskada og fin å sjå til. Den er 38 kvm og fungerer greit med eit felles soverom og utan innlagt vatn. Så er det ei nybygd hytte, som berre er nokre år gamal. Ikkje eit slott det hell, men under 60 kvm kan vi trivast. Då er arealprisen på tomten blitt meir enn 1000 gonger meir verd, samanlikna med dei som ikkje har hytte eller hus på eigedomen i same område. Eg kunne likt å vite kor mange øyeigedomar som har blitt avhenda for 6.000.000 kr dei seinaste åra!

I «Eigedomsskattelova §8 A-2. Verdet» står det blant anna å lese; Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal». Eg ber lesarane halde litt på denne tanken når de les vidare.

Eigedomen det her er snakk om er full av hefter, atributtar og sedvanerettar. Hadde eg vert kjøpar, ville eg ikkje tatt i denne eigedomen med ein eldtong eingong. Søstera mi har tilkomst til vasskjelda si rett utanfor stovevindauga min. Eigedomen er bokstaveleg talt klemt inn i slekt og familie, fleire vassrettar, gangrettar, båtfeste, lendingsrettar, festetomt, vedlikehald, tilkomst, regulert badevik m.m.

Les også
Difor opplever innbyggjarane ei brå auke i eigedomsskatten

Her ute har vi ikkje offentleg veg, vatn og kloakk. Frakt, ferdsel, vannløyse og kloakkforbrenning må eg betale og syte for heilt sjølv. Det krev investering, vedlikehald, påpass og store utgifter. Det er ikkje gratis å sette fyr på driten eller leggje ut grovvatn med nære 100 meter firtoms rør i sjø (fordi kommunen meinte vi måtte leggje rør for framtidige påkoplingar). Det er ikkje mykje kommunale gode eller teneste her ute på øyo.

Vidare er det ikkje enkelt å kopla seg til internett heller. Fiber kan vi berre drøyme om, tenkjer eg. Det er jo kommunen sitt ansvar, men øyane er ikkje prioritert, vil eg tru. Vi betaler dyrt for å kunne jobbe i helgane, med mobilt nett (svinedyre greier) på ein stad med svært svingande dekningsgrad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi betaler bossavgift. Det er vel det einaste kommunale tenesta vi har. Vel, teneste er å dra det litt langt. Vi må sjølv vere renovasjonsvesen å halde store delar av transport og fraktkostnadane sjølv. Om sommaren er det mest ikkje rå å få bosset ned i hyttekonteinarar, då dei er smikkfull.

Skal eg kaste noko som er så stort at det ikkje passar inn, eller ikkje skal inn i miniholet til konteinaren, då slit eg meir. Eg undrast på kvifor ikkje SIM – Fitjar miljøsentral kan halde ope ein og anna laurdag, slik at det er rå for hyttefolket og andre i ein travel kvardag å komme med det vi har av skrap. Den er berre ope på måndagar mellom kl.10:00 – 18:00.

Du ser det for deg: Eg hiv meg i bilen på Os etter jobb, dreg over med ferja og har på førehand lasta skrotet i båten førre helg. Skrotet ligg i båthamna klar til omlasting frå båt og over i bil. Køyrer av garde frå hamna og når kanskje, berre kanskje, å hive skrotet før døra vert låst. Dyrt vert det og, med dagens ferjeprisar. Nei, det skjer så klart ikkje. Det endar kvar gong med at vi stappar det inn i bilen, traktoren min, saman med ein katt i bur og eit barnebarn med meir og køyrer skrotet til Os. Der er dei ope alle dagar unntatt sundag

Så var vi attende til kulturlandskapet, som både kommune og fylke er så stolte av. Dette landskapet skal haldast ved like. Eg får ikkje så mykje som eit anerkjennande nikk for å halde vegetasjon i sjakk. Nei, her er det arbeidsferie og slitne ryggar som gjeld. Strendene får påfyll av plast og anna dritt i løpet av året, bøar skal slåast, trea må sagast, veg og sti skal haldast og sitkagran luggast (ca. 20 stk. kvar gong eg går meg ein tur). Folk som kjem innom eller dreg forbi kan seie, «Nei så fint det er her, så heldig de er». Jau, men det kom ikkje verken gratis eller av seg sjølv. I tillegg får eg sikkert lide for det, når verdet av eigedomen vert satt.

For ein del år sidan fekk vi brev frå kommunen om kva godar det var for oss å betale eigedomskatt. Blant godane var mogleg bruk av legevaktordninga i kommunen. Eg har aldri brukt den på over 50 år, men mannen min har gjort det ein gong. Når eg las dette i skrivet vi fekk den gongen, tenkte eg at det å kunne få legehjelp der du er, er ei allmenn offentleg gode som vi har betalt gjennom skattar på lønna vår. Eg ser difor ikkje heilt at dette er storvegs som fordel. Nei, tvert om. Eg bidreg til kommuneøkonomien på fleire måtar som kanskje ikkje kommunen har reflektert over.

Har nokon i kommunen tenkt over kva vi hytteeigarar, fastbuande eller næringsdrivande bidreg med? For min del er det ikkje berre med ein flik kulturlandskapet, men og som kunde i fleire verksemder i kommunen over år. Eg er ikkje særleg velhalden med pengar og gull, men eg greier meg ok. Eg og min familie har gjennom generasjonar no lagt mykje av lønna og feriebudsjettet att i matvarebutikkar, kafèar, trevarehandel, anna detaljhandel, diverse kommunale rekningar for søknadar og dekking av utgifter, nokre som heilt klart skulle vore dekt av kommunen sjølv, som blant anna oppmåling og retting av feile grenser på offisielle kart og arkeologisk undersøking i tilknyting til reguleringsplan for private.

Les også
Eks-ordføraren kastar seg inn i debatten om eigedomsskatt

Tenk deg om hyttefolket boikottar all handel i Fitjar, kva då? Det kan tenkjast at det er så harde verkemiddel som må til for å vekkje politikarane opp frå fantasiverda. Det finnes eigedomar (perler) som ligg til sals for tre millionar, men dei vert ikkje seld! Eg kan ikkje seie at eg føler meg velkomen som bidragsytar i kommunen. Fitjarfolk trivs eg svært godt saman med, fastbuande og bønder i øyane vil eg berre rose, men i denne saka vil eg seie at kommuneforvaltninga syg, nett som myggen.

PS: Oppmodar alle som har fått gastronomisk takst om å klage.

Linda Ulvatne