LUKKA ROM?: Lesarbrevskribenten jobbar på Sæbø gard. Ho spørs korleis ein skal nå fram til politikarane når uttalar til RHO blir stoppa. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kor blei det av dei uredde stemmene?

For nokre år sidan hadde FO eit landsomfattande prosjekt, «Uredde stemmer», med mål om auka engasjement rundt sosialpolitikk. Fylkesavdelingane hadde ressurspersonar som drog rundt om til klubbane, for å oppmuntre og rettleie i korleis ein kan drive sosialpolitisk påverknadsarbeid. FO Stord var med på det. Trist då å erfare eit tillitsvaltapparat som legg lokk på medlemmar sitt engasjement og initiativ, når ein ønskjer å nytte høyringane til å «snakke direkte» til lokalpolitikarar. Ein uttale til RHO-komiteen blei stoppa ... innhaldet kunne bidra til å sette tilsette og leiing i dårleg lys. Dette var ikkje noko å formidla til politikarane, men noko ein skulle ta tenesteveg.

Korleis kan medlemmar nå politikarar med innspel og påverke beslutningar, om ein ikkje skal kunne bruke tillitsvaltapparatet og spele med opne kort?

Sølvi Nygård, FO-medlem