MASSETESTING: «Er det fordi dei skal få falsk tryggleik i massevis?» spør Hermod Kirkeli i lesarbrevet. Her er rektor Leif Helge Engelsen ved Fitjar vidaregåande skule der dei starta massetesting av elevane i forrige veke. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Kor er den kritiske journalisten blitt av?

Kva meiner eg med dette spørsmålet? Dei er no kritiske, vel, journalistane? Ikkje som før. Eg tenkjer for eksempel no i desse koronatider: Kor er journalisten, som på ei dobbeltside, før ville spurt myndigheita om kvifor massetesting? For det er Regjeringa som har bestemt dette, er det ikkje? Kvifor skal ungdomar i massevis testa seg med ein test som gjev falsk tryggleik? Er det fordi dei skal få falsk tryggleik i massevis? Kva er vitsen med det?

Les også
Her testar Amanda (22) og Mari (18) seg sjølv for korona

Kva med at journalisten spør smittevernlegen om det stemmer at skulen blir halden open ved eit stort smitteutbrot fordi elevane er massetesta med falsk tryggleik? Og kvifor lage så mykje brudulje for å oppnå falsk tryggleik? Er vi ikkje på slutten av denne pandemien? Og på veg tilbake til normalen, slik me snart ikkje hugsar det var før tolvte mars tjue tjue? Er det å vere på veg tilbake til normalen å innføre månadsvis med massetesting av friske ungdomar for at dei (ikkje) skal få falsk tryggleik? Eg berre spør. Sidan journalistane ikkje spør.

Hermod Kirkeli