Kom heim: Oscar Ingebrigtsen og kona plar tilbringa vinteren i «Syden». eller rettare sagt på «Granca», men har no komme heim og sit i karantene. Her kjem den tidlegare leiaren i den Den norske klubben på Gran Canaria med litt synspunkt på heimturen, og korleis det er å sitja i karantene. Foto: Arkiv

Korona-frykt og uthaldeleg karantene

Me kom heim midt i stormen. Det var kaotisk på flyplassen på Gran Canaria, alle ville heim, folk hadde møtt opp mange timar før avgang. Billettane var endra for å koma oss tidlegare heim. Det gjekk greitt, opphaldet vart korta inn med ei veke. Det var me glade for, turistøya var stengd ned likevel, politiet patruljerte gatene og stansa folk som oppheldt seg ulovleg utomhus. Rykta gjekk om snart stengde flyplassar, om Norwegian som kunne gå konkurs i løpet av få dagar. Om alle som ville heim, men ikkje hadde fått billettar.

Trengsel om bord, fekk plassane våre og sokk ned i seta. Så langt, så bra. Men, kva venta oss heime, me hadde vore lenge borte. Innsjekkinga hadde gått fort, same gjorde sikkerheitskontrollen. Ingen spurde om me var sjuke, dei var vel glade dei vart kvitt oss i ein fart. Eg vurderte det slik at flyreisa kunne vera eit kritisk punkt. Fem og ein halv time tett saman med to hundre framande. Berre vatn å få kjøpt om bord. Alle kjøpte. Berre dei to toaletta bak i flyet var opne. Ein jamn straum av folk fram og tilbake, dei støtta seg på stolryggane ut mot midtgangen. Ingen tørka av. Var det slik me skulle få på oss driten? Fram med Antibac’en, me hadde fleire flasker.

Eg stod i dokøen heilt bakarst, trengt opp mot to av kabinpersonalet. «Blir dåke testa?», spurde eg. Dei rista på hovudet. «Skal dåke i karantene etter denne turen?». På nytt rista dei på hovudet. Eg tenkte mitt.

Endeleg Flesland, passa våre gav oss adgang til riket. Eit ark med korona-informasjon i handa. Velkomen heim. Mange smil å sjå. Taxfrien var open. Eit utval påskesnop gjekk i korga, men også noko å svelgja det ned med. «Me treng litt trøyst no, fjorten dagar i karantene, ikkje mykje å sjå fram til!».

Eine sonen vår hadde ordna med bil, den stod åleine på parkeringsplassen. Han torde ikkje møta oss, sa han, hadde dagleg kontakt med to som arbeidde i helsetenesta. Eg køyrde heile vegen heim, ingen venting på ferjekaien, heller ikkje overfarten innestengd i bilen kjendest lang. Me var snart heime, etter meir enn fem samanhengande månader i Syden. Eg kjende ikkje regnet.

På kjøkkenet venta eit overfylt kjøleskap og frys. Herre min hatt, var det to veker eller to månader denne karantenen skulle vara? Sjølv om det var seine kvelden, fann me oss mat, det hadde vore lite av den slags under vegs.

Me er no halvveges i karantenen. Tida har gått fort, me nyt den nye «fridomen». Inga kjensle av å vera innestengde. Meir enn nok å gjera på. Fire store koffertar å pakka ut. Me selde huset før me drog heim, tolv år på varme «Granca» å samla ting og tang på. Noko vart gitt bort, noko vart kasta, men altså nok likevel til fire koffertar og to ryggsekker. Me bestemte oss fort, opna ein koffert kvar dag dei fire første dagane. Då var alt lagt på plass før den neste vart opna.

Det er god plass her hos oss, både inne og ute. Me likar hagearbeid og me har turterreng rundt oss. Me held oss i hagen førebels, nyt den kjølige, friske lufta.

Kvar morgon er spanande. Har me fått symptom? Korleis er halsen? Feber? Så langt har det gått bra. Eg har snart time hos fastlegen. Me er i risikogruppa begge to. Kanskje har vinteropphaldet i Syden gjort oss sterkare?

Det er lov å håpa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oscar Ingebrigtsen