Kritisk: Kathrine Tønnesen Sjo er kritisk til at skulen framleis held open, medan mange andre arrangement no blir avlyst. Foto: Privat

Koronaviruset, russerevyen og opne skular

Koronaviruset, eller Covid-19 som det heiter på fint, blei oppdaga i januar 2020. Det gjekk frå å vera ein epidemi (ei auka førekomst av sjukdom) til ein pandemi (spreier seg over store delar av verda) på berre nokre dagar. Fleire land har stengt ned flyplassar, nokre titals millionar er sett i karantene rundt i heile verda og tiltak blir sette for å hindre spreiing. Viruset blir samanlikna med svartedauden, spanskesjuka og SARS då det spreier seg fort, dødelegheita stig og pga. opphavet i Kina. Me veit svært lite om saka og per dags dato har me ingen vaksine mot viruset. Det viktigaste me kan gjere no er å stanse spreiinga så mykje me klarer. Allereie er altfor mange blitt smitta og meir drastiske tiltak blir sett nesten kvar dag.

Onsdag kveld vart russerevyen eg, og 70 andre 18-19 åringar, skulle delta på avlyst. Me synest naturlegvis dette var svært uheldig, ettersom me har jobba beinhardt i vekevis for å produsere noko me kunne kalla ein ferdig revy. Russerevyen, blant mange andre arrangement, vart avlyst grunna det blir eit brot på forbodet mot arrangement med over 100 deltakarar. Forbodet er svært forståeleg og eg kan støtte Stord kommune i avgjerda deira. Likevel vil eg, med dette i bakhovudet, stille spørsmål til kvifor skulane her framleis held opne. Skulen eg sjølv går på, Stord vidaregåande skule, har til saman over 900 elevar og tilsette fordelte på to avdelingar. Når kinoar, jobbmøte, handballkampar m.m. blir avlyste grunna forbodet, er eg svært open til å få høyre ein gyldig grunn til kvifor skulane vel å halda opne.

Les også
Årets russerevy er avlyst

Skulane er ei svært stor smittekjelde. Her beveger elevar og tilsette seg ut og inn av klasserom, toalett og gangar heile dagen. Ein tar i alt frå dørhandtak og stolryggar, til krit og knappane på vassautomatane. I kveld fekk me på skulen ei melding om at all mat i kantina vil bli servert av personalet, og at ingen matvarer skal eksponerast opent. Å setje grenser til korleis maten i kantina skal serverast hadde vore eit bra tiltak, for eit par veke sidan. Situasjonen utviklar seg dag for dag og tal på smitta i Noreg aukar stadig. Når Covid-19 viruset får spreie seg ukontrollert i befolkninga i verda, ser me ei dobling av talet på smitta kvar fjerde dag. Dette tilsvarar om lag 20 prosent kvar dag og blir kalla ei eksponentiell vekst. I perspektiv kan du sjå for deg at du hadde sett ei krone i banken med 20 prosent rente pr. dag. Etter nokre månadar ville du vore verdas rikaste.

Eg kan også nemne at skular og barnehagar i Spania, Ukraina, Polen og Danmark blir stengde desse dagane. Danmark innførte tidlegare i dag forbodet mot arrangement med over 100 deltakarar, same som i Noreg. Seinare på dagen vart det gitt ut beskjed om at frå og med fredag er skulane stengde i to veker. Fleire arbeidsplassar her til lands har stansa all reising og pendling, gjeld inn- og utland, uavhengig av reisetid eller framkomstmiddel. Alle som har vore i utsette område eller fryktar dei kan ha blitt smitta gjennom andre kjelder, blir halde i karantene i to veker. Grunnen til at ein skal vente to veker er fordi symptom gjerne ikkje oppstår hos fleire før det har gått to veker. På den tida kan ein ha rukke å smitta svært mange, inkludert til dømes eldre, nokon med astma, nokon som gjennomgår kreftbehandling, eller andre som er i faresona.

Les også
Stord kommune strammar inn med makstak på 100 personar per forsamling

Det er greitt å seie at viruset ikkje ser ut til å vera noko spesielt farleg for frisk ungdom i skulealder. Likevel er det viktig å ta omsyn til kven desse elles friske ungdomane kan vidarebringe sjukdomen til. Så langt er det ikkje registrert nokon smitta på Stord, men som nemnd kan ein ha viruset sjølv om ein ikkje har symptom. VG.no har ei «livesending» om spreiing av viruset. I skrivande stund (onsdag kveld) er heile 629 smitta i Noreg, 55 av desse i Vestland fylke. Hittil i dag er det kome inn 227 nye tilfelle, dagen før (tysdag) vart det registrert 175 nye tilfelle. Eg forstår at å stengje skulane mellombels kostar oss ressursar. Eg veit at det vil koste samfunnet tid og pengar, men vil ikkje ei truleg minska smittefare vege opp for offera me må gjere?

Eg syntest naturlegvis me skal finne andre alternativ til undervisning, men å la 800 elevar og tilsette gå kvar dag i smittefare, er i mine auge totalt uansvarleg. Sjølv veit eg ikkje om det er kommunen, fylket, staten, skulen sjølv, eller nokon heilt andre, som har ansvar for om skulen blir halden open eller ikkje. Mi oppmoding til vedkommande som sit med ansvaret for dette er at dei skal gå ein runde med seg sjølv og vurdere risikoen dei utset den generelle stordabuen for.

Kathrine Tønnesen Sjo

Les også
Russen tek korona-viruset på alvor