Kreativ prosentrekning om Hordfast/E39

Fredag 10. september har Håkon Røstbø eit innlegg her i avisa der han legg fram ei rekkje argument han meiner er til støtte for Hordfast. Blikkfanget – med feite typar – er at han har rekna ut at mindre enn 0,7 prosent av det totale arealet på Reksteren vil gå med til vegen over øya. Eit kreativt forsøk på å bagatellisera naturinngrepa, men like fullt fullstendig meiningslaust.

Storleiken på Reksteren har sjølvsagt alt å seia for kva prosenttal som vert resultatet av denne utrekninga. Hadde kystregnskogen som kan bli øydelagd, lege på ei større øy, t.d. på Tysnesøya eller Stord, hadde sjølvsagt prosenttalet blitt endå mindre. Og korleis ville Røstbø ha rekna dersom det aktuelle skogsområdet hadde lege ein stad på fastlandet? Skulle vegarealet då reknast i prosent av arealet på kommunen? Fylket? Kvifor ikkje av heile landet? Så hadde han fått så mange nullar etter kommaet at naturraseringa knapt ville vore merkbar.

Les også
Hordfast eller ferjereiser i evig tid

Fylkesmannen i Hordaland har karakterisert Hordfast som det største naturinngrepet i fylket i moderne tid. Klarare kan det ikkje seiast. Éin kilometer firefelts motorveg vil leggja beslag på 100 dekar natur, kulturlandskap og/eller dyrkamark. I Tysnes kommune åleine vil det gå med eit areal tilsvarande 340 fotballbanar av internasjonal standard.

Og når slik veg går gjennom sårbar skogsnatur, er det ikkje berre det som ligg under asfalten, som blir påverka. Skogen må hoggast langt ut til begge sider, lystilhøve og lokalklima blir forandra, massiv trafikk i 110 km/t vil ha ein drepande effekt på insekt og fuglar, og ureininga frå dekkslitasje og asfaltstøv vil ha ein svært negativ innverknad på den resterande naturen. Verdifulle naturområde blir rett og slett punkterte.

På Reksteren er det snakk om såkalla boreonemoral regnskog, ein globalt sjeldan naturtype som Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Her finst svært mange raudlista artar som krev stabile levekår, ikkje minst eit stabilt mikroklima med lite lys, låge temperaturar og luft med høgt fuktinnhald.

Det er skremmande kor lite vekt Hordfast-pådrivarane legg på dette. Dei fleste som ytrar seg, nemner ikkje naturøydelegging med eit ord. Endå FNs naturpanel har sagt at naturkrisa, med tap av naturtypar og artar og øydelegging av økosystem, er ein minst like stor trussel mot eksistensgrunnlaget vårt som klimakrisa. Det ser heller ikkje ut til å hjelpa at vi har klare, vedtekne nasjonale mål om å stansa tapet av naturtypar og biologisk mangfald.

Røstbø kjem også inn på energikrevjande ferjetransport, men nemner ikkje at femdoblinga av biltrafikken ein ser føre seg når bompengeperioden er over, medfører ein formidabel auke i energibruk. Og så skal all denne trafikken inn til Bergen – stikk i strid med det vedtekne nasjonale målet om å redusera biltrafikken i byane. I den samanhengen må det nemnast ei undersøking som viste at 80 % av all mikroplasten i Oslofjorden kom frå bildekk og asfalt. Når det gjeld biltrafikk generelt, så bør det vera eit klart mål å få denne ned, ikkje opp. Då er det ikkje grunnlag for Hordfast.

Røstbø kjem til slutt med nokre underlege synspunkt på naturrasering. Han er berre oppteken av det estetiske og omtalar bruer som kunstverk. At brukonstruksjonar kan vera både imponerande og vakre, kan nok dei fleste vera samde om. Men i denne samanhengen er dette heilt uinteressant. Ein kan byggja så vakkert ein berre vil, men det hjelper lite for den naturen som må ofrast og for dei artane som ikkje lenger kan leva der.

For Naturvernforbundet på Stord

Kari Bjørndal, Fred Ola Bjørnstad, Per Fadnes, Helene M. Hystad, Hallgeir Matre, Jan Rabben, Inger Kristine Volden

Artikkelen held fram under annonsen.