RAPPORTAR: Odd Ståle Larsen (Frp) vil ha betre rapportar om tilstanden i barnevernet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Krev rutinar for rapportering om barnevern

I barnevernslova som tredde i kraft 1. januar er det no eit krav om at kommunestyret årleg skal ta imot tilstandsrapportering om barnevern. Dette vil no eg og Stord Frp sette på dagsorden for å sikre barn og unge.

Barnevernssaker er alltid vanskeleg, vi i Framstegspartiet meiner innsyn og rapportering til kommunestyret vil gi auka kunnskap om kvar skoen trykkjer. På den måten blir det lettare for oss politikarar å ta grep der utfordringane er størst for å betra situasjonen.

Stord Frp vil ha gode rapportar som seier noko om dei faktiske forholda. Det bør difor stillast krav til rapporten sitt innhald, slik at ikkje rapportane blir forma ut på ein måte som unnlét viktig informasjon om korleis det ligg an med barnevernet i kommunen.

For oss i Frp er det heilt avgjerande at rapportane som blir lagde fram er av ein slik karakter at viktig informasjon ikkje vert unnlate og skyve under bordet. Vi må ha som ein klar ambisjon å bli den beste kommunen på dette feltet, det handlar om barna våre. Om nødvendig må ordførar og rådmann innhente erfaringar frå andre kommunar som er kjende for å vera best på dette feltet.

Pandemien rammer alle, men mest av alt dei som allereie er sårbare frå før. I slike tider er det ekstra risiko for utsette og sårbare barn og unge. Difor er det spesielt viktig at vi har eit velfungerande barnevern. Stord Frp vil følgje opp denne saka nøye i tida framover.

Odd Ståle Larsen, kommunestyrerepresentant for Stord Frp, representant for utval for rehabilitering, helse og omsorg