KORONARÅKA: «Krisetider krev krisetiltak og då må ein ikkje gå seg fast i definisjonar av kva som er samfunnskritisk», skriv Anne Gine Hestetun og Odd Harald Hovland. Foto: Kjetil Østrem

Krisetider krev krisetiltak

Det er med stor undring me ser at Samferdsledepartementet ikkje vil innlemma Stord lufthamn i ordninga for kjøp av flyruter. Særleg etter at kommune og næringsliv har vore så tydeleg på kor viktig flyplassen er for aktiviteten i regionen. Flyruta Stord-Oslo-Stord er ei av få ruter på det regionale flyplassnettet som ikkje mottek statleg støtte. Før Covid-19 inntraff hadde ein 15 rotasjonar pr veke på denne ruta, mot kun fire i dag.

Oslo-ruta er i dag svært viktig for konkurranseevna til det lokale næringslivet i distriktet med Aker Solution i spissen. I tillegg er Stord lufthamn ein viktig arbeidsplass. Når me også veit at operatøren har sendt ut varsel om nedlegging av ruta frå 24. januar, er dette særleg alvorleg. Framtida avheng av offentleg kjøp. Dette må Regjeringa forstå.

Les også
Verftsdirektøren ber Hareide om å redda Oslo-ruta

Krisetider krev krisetiltak og då må ein ikkje gå seg fast i definisjonar av kva som er samfunnskritisk. Før eller seinare skal me ut av denne krisa og då må me syte for at viktige deler av næringslivet ikkje ligg med broten rygg. Det som vil vere samfunnskritisk er at ein øydelegg føresetnadene for ei god utvikling i næringslivet i regionen. Det risikerer ein dersom rutetilbodet ved Stord lufthamn vert lagt ned. Me vil raskast mogleg tilbake til ein normaltilstand når det er kontroll på pandemien og då er det viktig at rutetilbodet ligg fast.

Les også
La fram flyplass-saka for transportkomiteen på Stortinget

Her må regjeringa tenkje ein gong til og snu. No må me sikre næringsaktivitet og arbeidsplassar. Dette handlar om vanlege folk.

Anne Gine Hestetun, gruppeleiar, Arbeiderpartiet, Vestland fylkesting

Odd Harald Hovland, stortingskandidat, Arbeiderpartiet