IKKJE KRISE: Klart me skulle gjerna hatt betre rammer til drift og utvikling, men me tek tæring til næring, skriv Gunnar Bjørk i lesarbrevet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kva er det Bladet Sunnhordland skriv?

Igjen ei overskrift som ikkje handlar om faktiske forhold.

Igjen slår Bladet Sunnhordland og journalist Kjetil Østrem opp ei sak med «store bokstavar». Overskrifta på nettsida 3. september (og avisa 4. september) speglar ikkje den økonomiske stoda ved Stord Maritime Museum.

Stord Maritime Museum har som svært mange andre i denne koronatida, mista inntekter i høve til rekneskapen 2019. Kr. 50.000 er mykje pengar for eit lag som drive på frivillig basis.

Men - «pengekrisa bankar på døra». «Eit budsjett som ligg i grus». Kven har sagt det? I tilfelle pengane ikkje strekkjer til, er det aktiviteten ved SMM som må regulerast. Teksten i omtalen av saka er stort sett kopiert rett frå vår søknad til kommunen.

Vårt budsjett «ligg ikkje i grus».

Når det gjeld vår søknad til Stord Kommune er dette i tråd med tidlegare praksis. Som medstiftar har kommunen gitt støtte til SMM, meir eller mindre, frå etablering av SMM i 1994.

Om ein les rekneskapen vil ein sjå at Stiftinga saman med Venelaget skaffar nærare ein halv million til drifta utanom kommunalt tilskot. Midlane kjem frå samarbeid med næringslivet, private givarar, aktivitetar som venelaget set i stand, kontingentar frå medlemmer og inntekter frå besøkande.

Totalt har SMM gjennom dei åra som Stiftinga og venelaget har hatt driftsansvaret, hatt kontroll på økonomien, og takkar for støtte frå våre venner og samarbeidspartnarar. Klart me skulle gjerna hatt betre rammer til drift og utvikling, men me tek tæring til næring!

Ros til desse som er med å tek vare på ei maritim og industriell kulturhistorie i Sunnhordland.

Me kan ikkje fri oss for tanken om å kommentera avisa si bruk av overskrifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overskrifta som er brukt til denne saka og andre tilsvarande reportasjar om SMM held ikkje mål. Me undrar også kvifor ikkje Stord Maritime Museum vart nemnd i lista over aktuelle attraksjonar verd å besøka på Stord i sommaravisa, sjølv om SMM hadde annonse i same avis?

Er ikkje Stord Maritime Museum å rekna som attraktivt, som eit av dei få i sentrum og det største maritime museum i mils omkrets?

Eg oppfordra journalisten til å gjera seg kjend med stoda før han tek pennen fatt og lagar overskrifter. Me kan hjelpa!

Venelaget for Stord Maritime Museum

Gunnar Bjørk, leiar/økonomi