VENSTREGÅING: «Det mest naturlege for desse skogsvegane er at me fylgjer vegtrafikklova, som er ein god regel, då det kan førekoma også køyretøy på desse vegane, inklusiv sykling og gåande.» skriv Sigmund Kroka. Foto: Steinar Hystad

Kva er retta sida av vegen, når ein går på tur?

Heilt frå den tida eg tok sertifikat så har eg vore mest muleg lojal til vegtrafikklova, som har fungert bra i fleire tiår, der gåande går på venstre sida av vegen og kjøretøy/syklar på høgre sida, dette gjer at alle kan sjå kvarandre og eventuelt kunne tatt eit steg til side. Dette må og vera kjent for alle som har tatt førarkort. Går ein på høgre sida i lag med kjøretøy så er faren for å bli kjørt ned mykje større.

Sitat frå Nordre Aker Budstikke: «Jeg gikk nedover langs Akers elva, da ble jeg sneia av to mannlige vill-syklister, og nesten nedkjørt bakfra: Sekken jeg hadde på ryggen ble revet av, ingen av de to syklistene stoppet! Men den ene ropte: Faens idiot!» Ein ufin kommentar. Men hadde vedkommande gått på venstre sida så hadde truleg ikkje dette skjedd. Dette til ettertanke.

I desse tider med stor smittefare og ein-meter-regel så burde me alle forholda oss til vegtrafikklova som er ålmen kjent og ikkje til ein trend som er innført av turlag etc. Denne trenden skapar utryggleik og eit mindre føreseieleg trafikkmønster. Det er og større fare for smitte, då den enkelte må gå spissrotgang frå sida til sida, der folk går 3-4 i bredda. Kvifor må det vera fleire reglar, når me hadde ein som fungerte?

TURLAGSKJEFT: Tur/skogsvegen i Landåsen og langs Ådlandsvatnet er for alle og ikkje berre for turlaget sine medlemmar, skriv Sigmund Kroka (biletet), som reagerer på at turlaga ikkje følgjer vegtrafikkloven. Arkivfoto: Anita Haugland

Eg trudde det viktigaste med å gå tur, var å få frisk luft, sjå på naturen og ikkje få kjeft av turlagspersonell for at ein går på feil sida av vegen. Tur/skogsvegen i Landåsen og langs Ådlandsvatnet er for alle og ikkje berre for turlaget sine medlemmar, derfor synes eg det er merkeleg at turlaget lagar egne reglar for desse vegane. Landåsen vart truleg opparbeid av grunneigarane, med stønad frå statleg hold, via skogbrukssjefen. Lystraseen vart til på 80-talet, etter avtale mellom kommunen og skigruppa. Vegen har vorte oppgradert/rehabilitert gjennom åra, då via kommunale prosjekt.

Vegen langs Ådlandsvatnet er etter avtale med grunneigar og kommunen som har bygd vegen. Her er det nytta eksterne midlar (spelemidlar) for å få vegen til å sjå ut slik den er no. Betre og finare toppdekke, slik at rullestol og barnevogn kjem fram. Der kommunen har søkt spelemidlar pliktar dei å drifta vegen. I Landåsen er det avtale om å fjerna ting som kjem i vegen for lys. Grunneigar kan sjølvsagt ta ut tømmer/ved. Ingen lag/organisasjonar i Stord kommune har fått rett til og laga egne reglar for gå retning på desse vegane.

Meiningsytringar om korleis ting kan/burde vera får turlaget sin representant stå for sjølv. Det mest naturlege for desse skogsvegane er at me fylgjer vegtrafikklova, som er ein god regel, då det kan førekoma også køyretøy på desse vegane, inklusiv sykling og gåande.

Eg har hatt ein del kontakt med Trygg Trafikk som er einig i mitt resonnement. Sitat Trygg Trafikk: «Etter at vi fikk mailen fra deg, har jeg sendt en henvendelse til Turistforeningen og utfordret dem til samarbeid. Jeg er usikker på hva som er begrunnelsen til at turlag anbefaler at vi skal gå til høyre, så jeg håper vi får respons på vår henvendelse.»

Sitat Trygg Trafikk: «Takk for innspillet ditt! Og du har helt rett i at venstregåing og høyresykling er mest trafikksikkert!»

NB! Det er alltid lov og bruka sunn fornuft når ein går tur. Det er alltid grunnar til å gjera avvik, men å skjella ut folk for at ein etter sin egen meining går på feil side, bør ikkje skje! God tur.

Sigmund Kroka

Artikkelen held fram under annonsen.