KRITISK: – Å legge til rette for meir enn firedobling av trafikken, i hovudsak pendling, er ikkje berekraftig, skriv Kjellbjørg Lunde i dette lesarbrevet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kva er viktigast?

Det er lurt å spørje om dette når vi gjer våre val i kvardagen. Våre val kan ha store individuelle konsekvensar, men også for andre og for samfunnet. Dersom vi gjer berekraftige val når det gjeld m.a. forbruk, er vi med på den store dugnaden for å redde klimaet og det biologisk mangfaldet på kloden vår. Men for at dette skal hjelpe i den store samanhengen, må politikarane vise at dei tek alle dei alarmerande rapportane om klimaendringar og øydelegging av levevikåra, på alvor.

Dei unge går føre, men dei fleste opplyste menneske ventar no at dei som har makt til å endre, tek konsekvensane av kunnskapen. Og folk veit at det hastar.

Difor har vi no, både her heime og ute i verda, større forventingar til politikarane om handling.

Gjennom lang tid har det vore stor vegring for å ta berekraftutfordringane på alvor. Mange politikarar og parti har ikkje tort å gå føre og gjennomføre nødvendige tiltak. Det har vore mangel på ansvarleg leiararskap. Partia har vore redde for å misse oppslutnad.

Men eg trur ei slik vegring er å undervurdere vanlege folk.

Så lenge dei på toppen ikkje tek varsla på tilstrekkeleg alvor, er det lett for folk å trøyste seg med at det ikkje kan vere så gale. Men om leiarane viser leiarskap og viser at det er alternativ til den ikkje berekraftige måten vi lever og forbrukar på, vil mange fleire bli med på snuoperasjonen.

Etter mange år med mykje snakk om » det grøne skiftet», har mange no komme til større erkjenning av problema, og konkrete omleggingar er på gang. Det gjeld innan fossilsektoren, der dei store selskapa ser at olje og - gassproduksjon kan gå mot slutten, og er starta på utvikling av alternativa.

Innan samferdsle- og transportsektoren, der dei store utsleppa er, er det på gang store omleggingar for meir berekraftige løysingar. Den teknologiske utviklinga og marknadskreftene er pådrivarar for endringane. Men det er politisk styring, slik at omstillinga kan fungere planmessig og rettferdig, som bestemmer om vi vil lukkast, nasjonalt og internasjonalt.

Nokre stretar i mot.

Det blir kjempa for store motorvegprosjekt m.a. Påstanden er at dette er nødvendige for å sikre økonomisk vekst og framtidig sysselsetting. Men å legge til rette for meir enn firedobling av trafikken, i hovudsak pendling, er ikkje berekraftig. Slike prosjekt bind opp store ressursar, midlar som trengs til andre meir framtidsretta transportløysingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

« Dette er den sektoren som skal ta de største utslippsreduksjoner. Vi har en klimakrise i vår verden. Vi er nødt til å levere. Det blir min viktigste oppgave når jeg får hovedansvaret i dette departementet, sa Hareide da han fredag overtok som samferdselsminister.» Sitat frå dagspressa ved statsrådsskiftet.

Dette skapar forventingar til konkret omlegging.

No står høyringsprosessen for utarbeiding av ny Nasjonal transportplan( 2022-33 ) på dagsorden. Då er det viktig at ikkje berre dei profesjonelle lobbyistane, som bl.a. Hordfast A/S og dei politikarane som heng igjen i fortida, let seg høyre. Desse har lenge gitt inntrykk av at dei representerar mange, men spesielt næringslivet, og har fått nokre til å tru at det er bestemt at Hordfast over Bjørnefjorden skal byggast. Slik er det ikkje, sjølv om den blåblå regjeringa har bestemt planleggingsoppdraget og brukt ufatteleg mykje pengar på dette.

Fylkeskommunen skal ha høyringsmøte for Nasjonl transportplan, eitt på Stord hotell den 21.mars. Dei som no er i full gang med Berekraftvekene her på Stord, ungdommen, burde vere naturlege aktørar på ei slik viktig høyring.

No har Hareide også sjansen til å vise at han lyttar til det Fylkesmannen har sagt om Bjørnefjordalternativet. At dette er det største naturinngrepet i regionen i moderne tid, og at prosjektet truar sjeldne regnskogtyper av internasjonal verdi på Reksteren og vestsida av Tysnes. Fleirtalet i Vestland fylkesting må blir høyrde når dei prioriterar kollektivsatsing, gang- og sykkelstiar, rassikring, fylkesvegnettet, jernbane-og vegsatsinga mellom Bergen og Voss m-a. , framfor gigantprosjekt for tilrettelegging for mangedobling av biltrafikk inn mot dei største byane.

Miljø- og naturvernorganisasjonane, og dei unge som skal arve konsekvensane av politiske vedtak, må bli høyrde.

Vi er mange som er spente på om den nye samferdslestatsråden vil føre ein politikk som er i samsvar med det han sa var målsettinga ved statsrådskiftet?

Kjellbjørg Lunde