Mysterium: Kva gjekk eigentleg føre seg på Nesjaberget, på dette gamle biletet frå slutten av 1950-talet? Her kjem svaret. Foto: Privat

Kva gjekk føre seg på Nesjaberget?

Eg fekk lyst til å kommentera avisinnlegget i avisa fredag 3. januar. Det eg trur me ser på biletet utanfor Nesjaberget er slakteavfall som flyt på sjøen. Det var slaktehus på «skjæret», like nedanfor Preslio, ved Nesjaberget. Den gongen tømte dei avfallet på sjøen …

Hugsar jo godt at då me bada på skjæret, måtte me venta til mesteparten av slakteavfallet hadde «fløyte» forbi før me kunne eller ville hoppa uti … slik var det når kloakken fløyt forbi(!)(morosamt å tenkja på).

Les også
Kva gjekk føre seg ved Nesjaberget?

Når det gjeld ifylling av Osen er familien min nokre av dei skuldige. Bestefar min, Knud Dahl, dreiv forretning på kaien. Selde blant anna koks, ved, sand og byggjevarer. Etter krigen hadde han også agentur på margarin og dynamitt. Bestefar min kjøpte bitvis delar av Hagerupsgarden. Ved å fylla i Osen fekk han køyreveg for lastebil framfor lager/driftsbygningane. Etter krigen vart far min, Trygve, og bror hans, Einar, med i firmaet. I 1956 stod første del av Trio-bygget ferdig (det vart bygd ein ny etasje i 1970 og øvste etasje var ferdig i 1998).

Eg huskar veldig godt då dei la Vikabekken i røyr og Meieribygget vart på -byrja og også murbygningen på Grand Hotel. Det må ha vore 1958/1959. Me lekte og sprang igjennom røyrane og ned til «sjøden». Me ungane hadde «hytte» i røyrdelane medan dei låg kare til bruk på bakken. Det var kjekt å vera unge på Vikjo den gongen!

Edith N. Dahl