SVAR: Fred Ola Bjørnstad (biletet) og Gabriel Fliflet ynskjer Hordfast-svar frå samferdselsminister Knut Arild Hareide og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. ARKIVFOTO

Kva meiner de, Hareide og Rotevatn?

Tysnaden om naturøydeleggjingar er påfallande.

Hordfast er eit planlagt motorvegprosjektet til knapt 40 milliardar mellom Os, sør for Bergen, og Stord. Dette skal fire- til femdobla dagens vegtrafikk. Samferdselsminister Knut Arild Hareide har ved fleire høve uttalt seg om Hordfast. Kvar gong har han berre trekt fram samfunnsnytta slik Statens vegvesen har rekna han ut, og signalisert ei udelt positiv haldning til prosjektet. Miljøaspektet har vore fråverande i vurderingane hans.

At ein samferdselsminister ser bort frå naturøydeleggingar og tap av biologisk mangfald, er ille nok. Men no har også klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn kome på banen – med støtte til Hordfast. På spørsmål frå NRK vil han rett og slett ikkje snakka om miljøkonsekvensane, noko som er direkte sjokkerande. Rotevatn er nyleg blitt president i FN sitt øverste organ for miljø, og skal leia FN sin verdskonferanse i Nairobi 2021 om mellom anna vern av truga natur. Kva skal vi med ein miljøminister som gjerne talar høgt og stort i FN, men teier når vår eigen natur er truga? At han sjølv har reist mykje med ferjer i sitt liv, meiner han visst også er eit argument for å støtta bruprosjektet Hordfast.

Det burde vere unødvendig, men me kjem ikkje utanom å stille desse to ministrane følgjande spørsmål:

Er de klar over at Fylkesmannen i Vestland har karakterisert Hordfast og nye E39 som truleg det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid, og at han har kraftige innvendingar mot heile prosjektet ut frå eit miljøperspektiv?

Kjenner de til dei unike naturområda med sjeldan og trua kystregnskog, med ei rekkje raudlisteartar, som vil bli øydelagde ved ei utbygging? Veit de at det ligg føre forslag om nasjonalpark her? Det er umogleg å leggja ein firefelts motorveg over Reksteren og Bårdsundet utan å øydeleggje naturverdiane. Avbøtande tiltak og traséjusteringar vil ikkje hjelpa.

Har de lese den nye NINA-rapporten om dei enorme CO2-mengdene som ligg lagra i myr og jordsmonn og som vil bli frigjevne ved ei realisering av nye E39? Er de klar over kor store areal ein firefelts motorveg vil krevje berre i Tysnes kommune?

Veit de at Statens vegvesen ikkje har følgt sine eigne retningslinjer når dei har rekna ut den såkalla samfunnsnytta i Hordfast-prosjektet? I analysen av samfunnsøkonomisk nytte, skal prissette og ikkje-prissette faktorar vera sidestilte. Statens vegvesen løftar aktivt fram tidsbruk og såkalla trafikantnytte, men fer med harelabb over tap av natur og andre faktorar ein ikkje har prissett. På denne måten blir verdien og nytten av naturen nærmast nulla ut.

Veit de at ei Hordfast-utbygging vil vere i strid med ei rekkje nasjonale miljømål vedtekne av Stortinget, m.a. om å stanse tapet av naturtypar og biologisk mangfald og om nullvekst i biltrafikken i storbyane?

Fred Ola Bjørnstad

Artikkelen held fram under annonsen.

Naturvernforbundet Stord

Gabriel Fliflet

Naturvernforbundet Hordaland

Les også
Hordfast: – Avgjerda om å nytta statleg plan vert ikkje endra