PARTIBYGGJAR: Det er lett å tenka at dette er eit prosjekt det vil vera vanskeleg å lukkast med. Men jo fleire som blir med, jo lettare er det, skriv Dag Sele i debattinnlegget. Foto: Olav Røli

Kvifor eit nytt parti?

Noreg treng eit parti som er kompromisslause på at framtida er like viktig som notida og at dei andre er like viktige som oss.

Sjølv om du ikkje finn noko parti du vil stemma på, treng du vel ikkje starta noko nytt? Det er så. Men kva om det viser seg at det er mange som saknar eit reelt blokkuavhengig sentrumsparti og politiske samarbeid som ikkje øydelegg for dei som kjem etter oss? Kva om viljen til å tenkja like mykje på dei andre som på oss sjølve og viljen til å klara seg med litt færre materielle gode er større enn mange av dagens politiske parti synest å tru? Kva om lengten etter politikarar som byggjer bruer og som kompromisslaust tek avstand frå dei som driv med polariserande og splittande retorikk er større enn mange av dagens politikarar trur?

Les også
Dag Sele er med i nytt sentrumsparti

Då treng Noreg eit nytt parti.

Me treng eit parti som først og fremst søkjer berekraftige løysingar og som løftar verdisaker som likeverd og mangfald, sosial rettferd og miljø- og klimapolitikken. Me treng eit parti som løftar den uendelege verdien alle menneske har og som samstundes konsekvent tek avstand frå politikk og retorikk som ekskluderer folk, ut frå ulike former for merkelappar. Me treng ikkje minst eit parti som på den eine sida vil ha fellesskapsløysingar og ein skattepolitikk der folk bidrar etter evne, samstundes som dei på den andre sida veit å verdsetja variasjon, frivillegheit og ideelle organisasjonar.

Eg ønskjer meg eit parti som seier ja til å hjelpa så mange me kan klara og ikkje så få me må når ein flyktningleir står i brann i Hellas, utan frykt for å mista veljarar til Frp. Eg ønskjer meg eit parti som tør å setja djerve klimamål, utan frykt for kva LO meiner. Og eg ønskjer meg eit parti som snakkar om skeive sine rettar, utan frykt for kva dei kristenkonservative vil sei. Samstundes ønskjer eg meg eit parti som ser trusfridom og religionen sin plass i samfunnet som ein styrke og ikkje ein trussel.

Skal veljarane i stortingsvalet 2021 kunna velja eit parti som kombinerer desse prioriteringane, treng Partiet Sentrum 5.000 underskrifter som seier at dei ønskjer eit slikt tilskot til partifloraen. Og me treng dei før nyttår! Du treng ikkje bli medlem. Du treng ikkje ein gong stemma på partiet når så langt kjem. I denne omgang treng du berre støtta tanken om at landet treng eit slikt parti.

Les også
Lokale KrF-arar ser ikkje behovet for nytt parti

Det er lett å tenkja at dette er eit prosjekt det vil vera vanskeleg å lukkast med. Men jo fleire som blir med, jo lettare er det. Kan me saman klara å skapa ei masserørsle av folk som konsekvent set kampen for framtidige generasjonar, for dei fattige i verda og for dei som av ulike grunnar fell utanfor, over kampen for særinteresser og grupperingar i eitt av dei rikaste landa i verda? Ja, det trur eg! Lat oss samlast i sentrum!

Dag Sele, styremedlem, Partiet Sentrum