Fleire gardskjerringer: Høgre sitt landbruksnettverk slår eit slag for å få fleire kvinner i landbruket. Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad

Kvinner er gull for landbruket

Har du nokon gong høyrt uttrykt gardskjerring? For mange ei heidersnemning, for andre ei stor kjelde til frustrasjon. Kanskje spesielt for dei som driv som bønder, og i tillegg har denne ekstra merkelappen av di dei er kvinne. Ein mann som driv gard blir berre omtalt som bonde, og det same burde vel gjelde for kvinner?

Det vert tala mykje om likestilling og inkludering av kvinner, særleg i samband med kvinnedagen. Vi burde kanskje snakke meir om dette også i relasjon til landbruket. Av alle som driv gardsbruk i Noreg er det berre 16 prosent kvinner, og i heile verdikjeda rundt gardsbruk er over 90 prosent menn. Vi er overtydde om at ei jamnare kjønnsfordeling vil vere ein styrke i landbruket, og vi ønsker ein breiare debatt om dette temaet.

I samband med kvinnedagen, som er like rundt hjørnet, inviterte Høgre sitt landbruksnettverk på Stortinget bygdeforskar og førsteamanuensis i sosiologi, Hilde Bjørkhaug, frå NTNU. Tema var sjølvsagt korleis vi kan få fleire kvinner inn i landbruket, og kva som hindrar dei i å delta.

Det er både strukturelle og kulturelle grunnar for at kvinner ikkje deltar i større grad. Tradisjonelt har landbruket vore mannsdominert, og både menn og kvinner er i eit stadig press om å passe inn i det som til kvar tid blir oppfatta som feminint og maskulint. Tidlegare generasjonar har gjerne, i beste meining, rådgjeve sine døtrer om at gardsyrket er for tungt. Konsekvensen har gjerne vore at gutane har teke over. I politikken har vi komme eit godt stykke på veg i likestillinga, landbruket heng nok litt etter. I alle delar av samfunnet har vi endå struktur og kultur som heng igjen.

Bjørkhaug understreka viktigheita av at fleire kvinner vert løfta inn i landbruket. Vi treng mangfaldet og gevinstane det gir. Vi ser allereie at fleire kvinner i landbruket har bidrege til ein stor auke og suksess innan lokalmat, økologiske varer, grøn omsorg, helse og utdanningstilbod på gardane. Dette har vore ei viktig inntekt for landbruket og har gjeve bonden fleire bein å stå på. Det finst òg mange gode rollemodellar i landbruket allereie, og vi skal ikkje gløyme å løfte fram alle dei som allereie er bønder i dag. Dei banar veg for morgondagens bønder, og er viktige rollemodellar for den oppveksande generasjonen som seinare skal ta viktige yrkesval.

Visste de at kvinnelege bønder i lang større grad tek med seg mannen i arbeidet, slik at det blir fleire aktive bønder på garden? Det kan vere med på å skape eit levande og aktivt landbruk i heile landet. Vi treng vidare utvikling, innovasjon og forvaltning av norsk matproduksjon.

Høgres landbruksnettverk møter stadig stolte ambassadørar og hardtarbeidande bønder som står på for å sikre oss den beste maten. Trygg, rein og god mat, produsert med god dyrehelse. Driftige bønder, kvinner og menn.

Til slutt har vi to gode tips på vegen, som vart plukka opp på Nationens konferanse om kvinner i landbruket og er relevant for alle:

- blir du spurt om å stille, seie ja. Då har nokon allereie vurdert at du har kompetansen som trengst.

- Meld deg sjølv som aktuell for styreverv, jobbar og posisjonar og vis interesse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan opne for uante mogelegheiter!

Vi vonar fleire kvinner vel eit spennande og viktig yrke som bidreg til mangfald og aktivitet i heile landet. Grip høve, landbruket treng dykk.

Høyres Landbruksnettverk

Guro Angell Gimse, leiar

Liv Kari Eskeland, medlem

Energi og miljøkomiteen, Hordaland