Leif-Steinar Alfsvåg er lokal kandidat til bispedømerådet.
Leif-Steinar Alfsvåg er lokal kandidat til bispedømerådet. Foto: Egil Blomsø

«Kyrkjevalet – er du klar til å røysta?»

Ingen er i tvil om at det er val på nye kommunestyre og fylkesting den 9.9., men slett ikkje alle er kjent med at ein same dag kan påverke samansetjinga til kyrkja sine folkevalde organ. Di stemme er viktig med tanke på kven som skal ta plass i det lokale arbeid, men og kven som skal utgjere rådet i Bjørgvin bispedøme og det årlege kyrkjemøtet.

Kyrkja har vore igjennom store reformer det siste tiåret med kyrkje-stat forliket som kanskje det viktigaste. I neste valperiode skal det gjerast vedtak om ny kyrkjeordning, framtidig organisering, avklaringar omkring arbeidsgjevaransvar for å nemne nokre hovudområde. Dette er sentrale saksfelt for å leggje til rette for gode arbeidsvilkår i den norske kyrkja.

Kyrkja spelar ei viktig rolle for mange, både lokalt, nasjonalt og globalt. Sjølv er eg blitt meir og meir glad i kyrkja som fellesskap og det er og bakgrunnen for at eg takka ja til spørsmålet om å stå som kandidat på nominasjonskomiteen si liste.

Inn i framtida treng me ei folkekyrkje som møter menneske flest der dei er, i ulike livsfasar, frå dei små born som blir borne fram til dåp, ungdomar i møte med kyrkja og i hendingar der tap og sorg er i fokus. Kyrkja skal vere oppteken av å formidle evangeliet i tråd med misjonsbefalinga, i særleg grad vendt mot lokalsamfunna men og med eit globalt ansvar og perspektiv. Kyrkja må ikkje oppfattast som stereotyp, men heller ei folkekyrkje som er utåtvendt og representert på ulike arenaer. Ingen menneske er like og den enkelte kyrkjelyd må leggje opp til gudstenester med ulikt preg der unge og gamle kan finna seg til rette. Nestekjærleiksbodet er grunnleggjande og må kome til uttrykk gjennom kyrkja si omsorg, ikkje minst for dei svakaste i samfunnet.

I ei tid med teologisk mangfald er det avgjerande at me evnar å lytte til kvarandre og føre ein dialog som ikkje stigmatiserer ulike ytringar. Både i ord og handling må ein vise respekt for kvarandre sitt syn og varsemd på ein slik måte at ein tar i vare menneskeverd hos involverte partar. Eg trur utvilsamt at det er ein sentral verdi i eit kyrkjefellesskap. Samtidig er mitt syn at folkekyrkja skal vere klar og tydeleg, der bodskapen innimellom kan bli oppfatta som provoserande.

Den norske kyrkja skal vere ei folkekyrkje. Ei tenande, open og vedkjennande kyrkje der det er plass til oss alle og komande måndag kan du påverke kven som blir valt inn i viktige råd.

Avslutningsvis er mitt enkle råd: Bruk stemmesetelen til Nominasjonskomiteen si liste og plassér gjerne eit kryss for kandidat nr.8. Di stemme kan vere avgjerande for at Sunnhordland som region blir representert i Bispedømerådet.

Godt val!

Leif-Steinar Alfsvåg,

kandidat til Bispedømerådet