ENGASJEMENT: – I denne saka – som i andre der barn vert den skadelidande om dei mistar ein forelder – må det vera barnas beste som vert utslagsgjevande, skriv Håkon Frode Særsten i Stord Venstre om saka til Sabrin Mohammed Ali. Foto: Privat

«La barn få tilbake rettane sine igjen»

Enno ein gong har vi fått innsikt i ei sak der små born i Noreg skal fråtakast mora si av innvandringspolitiske årsaker. Saka til Sabrin Ali tok julegleda frå mange av oss her på Stord og faktisk i heile Noreg.

Sabrin seier sjølv ho er frå Eritrea, men UNE meiner ho er frå Sudan. Difor vil dei senda henne dit (eit land ho aldri har budd i) og seier samstundes at ho ikkje kan søkja om å komme attande til Noreg før det er gått 2 år. Ho har to gutar på 2,5 og 4 år som har vakse opp med henne heile livet sitt. Dei bur på Stord.

I Noreg har barn hatt eigne rettar sidan dei Castbergske lovar vart vedtekne i 1915. Barn sin eigenverdi og retten til ein trygg oppvekst er grunnleggjande i samfunnet vårt. Det må gjelda òg i saker som denne. I staden uttaler UNE at: «Det å gi uriktig opplysningar om identitet blir sett på som så alvorleg at dette veg tyngre enn omsynet til barnas beste i denne saka». Og dei kommenterer det slik at «vi meiner det er mest sannsynleg at ho kjem frå Sudan».

Les også
Gruppeleiarane i Vestland krev at Sabrin får bli i Norge

Dette er noko vi har høyrt frå UNE og UDI fleire gonger og det er underleg at dei så bombastisk kan seia at dei har rett, og ikkje den det gjeld. Personleg kjenner eg ein «Afghansk» familie som vart kasta ut av Iran for dei ville ikkje ha dei som flyktningar der. Denne familien hadde budd i Iran i tre generasjonar, tatt utdanning på universitetet i Iran, dei kjente ikkje Afghanistan meir enn gjennom media. Kva ville UNE og UDI vurdert dei her i Norge, ville dei blitt sett som løgnarar uansett kva dei sa?

Det humanistiske sinnelaget vårt tilseier at me skal behandla folk skikkeleg. Og sjølv om nokon gjer ukloke val må det ikkje setja dei utanfor samfunnet for all framtid. I denne saka – som i andre der barn vert den skadelidande om dei mistar ein forelder – må det vera barnas beste som vert utslagsgjevande.

Ta Sabrin sine opplysningar på alvor og la henne skapa seg eit liv her i landet saman med borna sine. Det er ikkje dei som skal betala for at byråkratane ikkje trur på mora.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stord Venstre

Håkon Frode Særsten