NOREG: Ole Kristian Grønneng er formann i Høgnorskringen. Foto: Privat

Landet heiter Noreg

Det offisielle namnet på landet vårt er Noreg. Det er den einaste skrivemåten på nynorsk. Likevel niheld sume i skrivande krinsar der nynorsken hev det stødigaste fotfestet på den avlagde formi Norge. Ja, serleg i dei reint nynorske regionbladi. Ser me i den målblanda rikspressa, skil dei som skriv nynorsk seg ut, og held seg mest til normert og rett form, Noreg.

Høgnorskringen tel nynorskbladi til å gjera um på denne ugjerdi. Når styremaktene slær fast at målet vårt er eit jamstelt og jamverdugt mål i staten, og det er synleggjort ved eit landsnamn i ei sermerkt nynorsk form, då gjer me rett i å heidra denne jamstellingi. Iduge målfolk hev stridt for å gjera røyndom av jamstellingsvedtaket, og kravt Noreg på pengesetlar, på femkruningen, på frimerke, i passbøker og på skilt ved landegrensa. Me hine skulde i minsto senda ei liti takk for denne striden, og vera med og gjera det synlegt at me ynskjer eit nynorskt riksstell. Namnet Noreg er merket på det.

Landsnamnet Noreg knyter sogebandet attende til den gongen landet var fritt og sjølvstendigt i millomalderen, og namnet hev grunnlag i nedervt norskt talemål. Alle som vil liva i eit rike der nynorsk er eit fullverdugt bruks- og styringsmål, må syna det fram i skrift. Namnet på dette nynorske landet er Noreg.

Les også
Joudy (8) og Raed (9) snakkar allereie tre språk – no lærer dei seg spansk

Styremaktene hev òg slege fast at alle statsorgan skal hava namn på nynorsk. Difor må me ikkje tenkja at slike sernamn plent lyt skrivast på éin og berre éin måte, slik bokmålsvanen me oftast møter byd deim fram. Det heiter Noregs Bank, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Noregs forskingsråd, Noregs handelshøgskule og so frametter.

Ille er det når dei nynorske bladi våre vrakar dei nynorske sernamni, av di dei ikkje vil skriva landsnamnet Noreg. Lyft helder merket høgt, so det synest at nynorsken er eit mål for rike og land.

Ole Kristian Grønneng, formann i Høgnorskringen