TALTE: Fitjar sin varaordførar Sigurd Andre Maraas (Frp) var med på Framtstegspartiet sitt landsmøte første helga i mai. Foto: Privat

Landsmøte i Framstegspartiet

I 1. mai-helga fekk eg vera med på Framstegspartiet sitt landsmøte, der eg og fekk taletid. Som landsmøtedelegat er det alltid stas å få tala direkte til forsamlinga slik. Som mangeårig politikar, varaordførar i Fitjar, styremedlem i Vestland Frp og ikkje minst hovudtillitsvald i fagforeininga Lederne i Aker Solutions-konsernet, så brukte eg tida mi til å påverka Framstegspartiet til å heia meir på fagorganiserte og den norske modellen. Det er begrensa kva ein rekk på tre minutt, men her her talen som eg heldt og som eg ynskjer at fleire kan få gjort seg nokre refleksjonar rundt.

Dirigent, delegatar, kjære landsmøte.

Eg vil snakka om den norske modellen, trepartssamarbeid og fagforeiningar.

Ei fagforening er mykje meir enn det som har med LO, Arbeiderpartiet og bindingar dei imellom å gjera.

Lederne, som eg sjølv er organisert i og er tillitsvald for gjennom jobben min i Aker Solutions, blei stifta allereie i 1910 og er politisk nøytral.

I dag er det omlag 1,9 millionar fagorganiserte i Norge, og 1,3 millionar yrkesaktive som fagorganiserte. Under 50 prosent av desse er medlemar i LO, resten er organiserte i andre uavhengige fagorganisasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er grupper med arbeidstakarar som har tatt eit aktivt val om å organisera seg i partinøytrale organisasjonar, ikkje minst så har dei aktivt valt å stå utanfor LO og Arbeidarpartiet sitt famntak.

Ein fagorganisert er ikkje berre ein nyttig lakei for politiske parti, han er tvert imot ein berebjelke i det norske arbeidsliv og den viktigaste aktøren i heile den norske modellen.

Noko av det ein som tillitsvald brukar tida på er å representera tilsette som kjem i konfliktar på god og vondt, og ikkje minst er den tillitsvalde ein viktig samarbeidspartnar mellom bedrift og arbeidstakar.

Eksempel på viktige saker er industri og utvikling. Også i utviklinga av nye og grøne næringar er den tillitsvalde viktig for norsk leverandørindustri. Industrien som skal bera den norske velferdsmodellen si utvikling på skuldrene i generasjonar framover.

Me har ca. ein million aktivt nøytrale fagorganiserte i både offentleg og privat sektor på helse, skule, barnehagar, handel og kontor, ja faktisk i dei fleste bransjar. Dette er veljargrupper me skal klara å få tak i. Dette er menneska Framstegspartiet har den beste politikken for og den beste stemma for.

Nettopp difor bør det ikkje vera ei stor sak for oss å fjerna eller ta ned skattefrådraget for til dømes fagforeiningskontingenten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skattefrådraget her er òg ein måte å setta ned skattar og avgifter på for folk flest. Eit frådrag som bør bestå for å bevara den norske modellen. Lat oss spela på lag med det norske, siviliserte arbeidslivet.

Dette med fagorganiserte, og støtte til desse, er ikkje i strid med Framstegspartiet sin politikk, tvert imot er det ein styrke for oss og vår politikk.

La Framstegspartiet òg ta ei aktiv rolle i den norske modellen, og bli det naturlege valet for å sikra gode og trygge arbeidsplassar i Norge.

Me har den beste politikken og Framstegspartiet er partiet for folk flest.

Fitjar Frp v/Sigurd Andre Maraas

Framstegsparti-politikar og hovudtillitsvald for Lederne i Aker Solutions