TONEN I DEBATTEN: Høgre-leiar Magne Bjelland på Stord seier at hersketeknikkar og personkarakteristikkar ikkje høyrer heime i debatten. Her med partifelle Liv Kari Eskeland. Arkivfoto

Lat oss ha ein sakleg debatt

Når ein slepp opp for gode og saklege argument kan det vera lett å hamne i den grøfta Kjellbjørg Lunde gjer ved å gripe til hersketeknikkar og personkarakteristikkar. Ho om det, Høgre ønskjer ikkje å debattere på eit slikt nivå.

At SV i alle samanhengar snakkar ned ferjefri E39, i stortingssalen og i lesarspaltar, har vi sjølvsagt all respekt for. Dette er SV sitt syn og standpunkt i saka.

Høgre ser det annleis. Skulle vi stoppe utviklinga for infrastrukturen vår, ville vi i dag ha kjørt på svingete smale vegar. Fram til no har ingen tiltak på vegane våre avstadkome at vi ville ha det ugjort. Det har endå SV innrømma ved å anerkjenne Trekantsambandet som dei også i si tid var sterkt i mot.

Høgre er oppteken av å utvikle landet vårt i takt med tida, og legge til rette for eit næringsliv som så tydleg gir tilkjenne at betre infrastruktur er avgjerande for at vi framleis skal kunne ha trygge arbeidsplassar og kunne ferdast trygt langs norske vegar. Difor er Hordfast og sikker veg til Voss viktig for Høgre. Difor har vi valt å prioritere dette i Nasjonal Transport Plan (NTP)

Dette gjer vi fordi vi har eit næringsliv i ryggen, ikkje fordi enkeltpersonar står på, slik K.L synes å hevde.

Vi er oppteken av å trygge arbeidsplassar langs kysten vår, og gje våre born og unge gode føresetnader for ei god framtid her vest.

Magne Bjelland, leiar Stord Høgre