UTVALSMEDLEMMER: Ingrid Jahn Jordåen (Sp, frå venstre), Tore Roth Blokhus (Raudt), Tarjei Aamot Haga (Ap) og Dag Ove Fauskanger (KrF). Foto: Sunnhordland / arkiv

Legesentera og tariffavtalar

I 2018 vedtok eit stort fleirtal i Stord kommunestyre «Stordmodellen», som er eit strengt reglement for kommunen sine anbod. Strenge krav til lærlingar, fagbrev, faste tilsette og oppfordring til fagorganisering gjer at denne modellen er eit viktig bidrag til å fremja eit seriøst arbeidsliv.

Eit seriøst arbeidsliv inneber mellom anna gode tilhøve for samarbeid mellom partane i arbeidslivet og ryddige løns- og arbeidstilhøve.

I nyare tid har kommunestyret vore tydelege då det vart vedteke å ikkje nytta det fagforeiningsfiendtlege Wizz Air til tenestereiser og ved krav om minst allmenngjort tariff som føresetnad for skjenkeløyve.

Då utval for rehabilitering, helse og omsorg behandla sak om rekruttering av fastlegar 26. august 2020 var utvalet samrøystes i følgande krav;

«Utvalet føresett at ved leige av kontor og personell skal tilsette ha ryddige løns-, pensjons og arbeidsvilkår inkludert tariffavtale.»

I førre utvalsmøte 2. juni 2021 var saka om rekruttering av fastlegar oppe på nytt. Rekrutteringa er vedvarande vanskeleg, og ekstra krevjande då ingen av legesentera i Stord kommune har tariffavtale for alle tilsette. Dette er veldig overraskande og skuffande.

Tilbakemeldinga me får er at det heller ikkje er noko ynskje om å møta kommunen på dette kravet, noko som gjer at kravet vert umogleg å gjennomføra.

Som politikarar har me eit ansvar for å syta for at kommunen har eit forsvarleg helsetilbod. Difor vart det naudsynt å oppheva vedtaket, og finna ei ny formulering. Denne vart samrøystes vedteken;

«Utval for rehabilitering, helse og omsorg opphevar krav i vedtak i sak 14/20 om tariffavtale ved etablering av faste stillingar i legesenter. Utvalet oppmodar samtidig til fagorganisering og oppretting av tariffavtalar ved legesentera i kommunen, i samsvar med Stordmodellen.»

Me ynskjer eit seriøst og ryddig arbeidsliv, der tilsette er sikra med tariffavtalar. Det er ein av grunnane til at utvalet ser det som naudsynt å vurdera å etablera eit kommunalt legesenter. Frå eit arbeidsgjevarperspektiv kan me då sikra at samtlege tilsette ved eit legesenter har tariff og ordna tilhøve. Følgande vart vedteke, mot stemmene til H og FrP;

Artikkelen held fram under annonsen.

«Utvalet ber rådmannen komma attende med ei sak om etablering av eit nytt kommunalt legesenter. Saka må belyse ulike lokaliseringsalternativ, kostnadar for etablering og drift og konsekvensar for gjeldande leigeordningar.»

Dette til orientering og som forklaring på oppheving av krav om tariffavtale. Målsetjinga med det opphavlege vedtaket står me ved.

Tarjei Aamot Haga, utvalsleiar Ap

Ingrid Jahn Jordåen, Sp

Tore Roth Blokhus, R

Dag Ove Fauskanger, KrF