annonse

«Den heilskaplege oppveksten»

Samhald
Samhald: Alle born skal ha rett på eit fritidstilbod uavhengig av økonomi, skriv Geir Angeltveit. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Eg har blitt spurt ein del dei siste vekene kvifor og korleis Stord Venstre vil nytta det neste tiåret på å skapa ein av landets fremste oppvekstkommunar.

La oss starta med kvifor. Born og unge i kommunen vår meldar tilbake til oss at dei har færre venar, færre fysiske sosiale møteplassar, mindre tilhøyrsle til sosiale grupper og organiserte fritidsaktivitetar.

Dette i den fundamentale delen av livet kor dei knytt band til kvarandre, utviklar sosiale antenner og oppdagar seg sjølv i samvær med andre. Fundamentet held på å gli ut. På tvers av raude, gule, grøne og blå kommunar ser me den same trenden. Og det er lokalt ein kan finna løysingane. Hjå familiane, fritida, barnehagen og i skulane gjennom menneska rundt dei.

Me må gje dei fridom til å utforska, tøya grenser, utfolda seg og til å leva. Til å leika, rølpa, le og grina. Treffa likesinna eller ulike menneske, i ulike situasjonar. Me skal hylla ring-på-spring fanteri, det skal vere ein sjølvfølgje at rampete gjengar av born tøysar med oss. Kjem med skrubbsår heim frå leikeplassen, og ønskjer å gå på overnattingsbesøk for å fortelja hemmelegheiter etter leggjetid. Såleis erfara å læra seg tillit til sine medmenneske med det blotte auge.

Alt me vil, og alt me skal avheng av at desse minste blant oss eingong veks opp til å kunna ta over. Det trengst ein landsby for å oppdra eit born, slik det alltid har vore. Det er difor me må snu denne utviklinga.

Korleis skal me gjera det? Ingen fasit passar alle, men me har nokre idear til kor me kan starta.

Skulefritidsordninga er avgjerande for at mange familiar skal få dagane til å gå i hop, men den er dyr og dei tilsette er for få på jobb til å gjera alt det dei sjølve og borna gjerne kunne tenkt seg. Me vil reformera SFO-en på Stord. Den skal vere verdig det ansvaret den har, og me skal bemanna den tilstrekkeleg. SFO er ikkje barnevakt, det er livet.

I skulen og barnehagen vil borna læra mykje av si sosiale utvikling. Under læraren si rettleiing kan borna prøva grenser og læra i fellesskap, då må læraren ha tid til å vere seg sjølv på sitt beste. Difor bør storleiken på skuleklassane ned. Men ein lagar ikkje brød av mjøl åleine.

Ein leikeplass i sentrum er flott, men mange sine beste barndomsminne er med borna i nabolaget frå leikeplassen eit steinkast frå huset ein veks opp i. Difor ønskjer me å gjeninnføra leikeplassfondet i kommunen, så alle nabolag kan ha reiler og klatrestativ. Dyrt er det ikkje, og himla praktisk.

Ungdom i Sagvåg treng eit skulebygg dei kan leva i, med frie lokale som sosiale møteplassar, som er akkurat ungdomen og bydelen treng og saknar. Samlingslokale for kultur og idrett, og me veit kommunen treng eit 25m basseng for å ver i nærleiken av den kapasiteten me uansett er avhengig av.

Barnevernet og våre førebyggjande tenester er mange sine reddande englar. Kommunen skal ha ein handlekraftig Handlingsplan mot vald og overgrep som reiskap i kvardagen. Det skal vere fuge mellom flisene.

Alle born skal ha rett på eit fritidstilbod uavhengig av økonomi. Kulturskulen skal styrkjast, ikkje tappast for midlar. Me må bygga tilgjengelege miljøvennlege idrettsanlegg der me kan samlast. Og framelska initiativ til spel, friluftsliv, dans og teater. Så borna ønsker å gå på det.

Eit samhald av frie menneske. Som lærar å satsa, og å ta sjansar. Det er langt frå alt. Det er startskotet. Å trekkje stigen opp etter oss er ikkje eit alternativ, borna sin heilskaplege oppvekst er vårt ansvar, både i og utanfor kommunestyret. Det kjem me i Venstre til å følgja opp og prioritera. Både denne perioden og i årene framover.

Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut