annonse

«Ein desentralisert skulestruktur fremjar kommunevekst»

Til val
Til val: Annar Westerheim stiller for Fitjar Ap. (Foto: Per Egil Larsen / arkiv)

  • Meiningar

Bakgrunnen for saka om sentralisering av skulane i Fitjar finn me i innstramming i kommuneøkonomien frå dagens H og FrP regjering.

l Ny barnehagenorm og skulereform utan fullfinansiering.

l Halvering av basistilskotet frå 13,7 mill. til 6,850, H og FrP ville kutta det heilt.

l Småkommunetillegget vart halvert frå 5,4 mill. til 2,7 etter vekttal/distriktsindeks der Fitjar ikkje lenger er definert som distriktskommune.

l Reduksjon i midlar til ressurskrevjande brukarar på 650 mill. dei siste tre åra, ytterlegare 350 mill. vart avverja i det siste budsjett forliket.

l Reduksjon i rammetilskotet for kvar elev frå 111.000 til 110.000, det vil for Fitjar kommune bety 465.000 mindre til skule.

Dei frie midlane er mindre enn løns- og prisstigning, så resepten er ikkje å leggja ned grendeskulane eller flytta på klassar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) kan bekrefta grendeskulen sin betydning av folketalsvekst for Selevik-krinsen, frå 1998 til 2016 har krinsen 59 % av heile heile folketalsauken i Fitjar kommune.

Grendeskulane har eit flott uteområde der elevane har eit variert tilbod for leik og aktivitet. 90 elevar kan sykla å gå til skulen.

Skuledebatten i haust viste klart kva innbyggjarane i Øvrebygda og Selevik meinte om sentralisering av skulane.

Ved ei sentralisering og flytting til Rimbareid ville Fitjar fått den største skulen med 465 elevar i Sunnhordland, og med eit altfor lite ute areal som ville gå ut over aktivitet og trivsel for elevane.

l Ein tredjedel av innbyggjarane ville mista nærskulen sin.

l Elevane sitt beste har vore lite framme og vektlagt i skuledebatten.

l Sviktande elevtal var eit av hovudargumenta for innsparing.

Prognosane for skulebruksplanen 2014–18 var ein nedgang på elevar frå 461 til 406, med framskriving/auke på 5 elevar kvart år var prognosen 431 elevar 2018/19.

Med svikten i elevtala ville kommunen mista rammetilskot til ein samla sum på 16 mill. i planperioden, konsekvens talet på stillingar måtte reduserast med 4 pr.år totalt 16.

Kva skjedde? Talet på lærarstillingar auka med 3 (differanse på 19), elevtalet auka frå 406 til 463. Elevauken var på 11 årleg, eller i kroner 1,2 mill.

Skulebruksplan for 2018–2023 er ein blåkopi med dei same hovudtrekka, elevtalet vil falla frå dagens 465 til 408.

Med dagens framtidige elevar vil ikkje elevmassen komma under 450, ved nedlegging av grendeskulane kunne me fort fått fråflytting av småbarnsforeldre som ville mista ikkje berre skulen, men også SFO og barnehage tilbod.

Mange er tilflytta og har ikkje nettverk med besteforeldre for å få kvardagskabalen med jobb og barnepass til å gå i hop.

Flytting av sjuande trinn vil gje ei innsparing det første året, for skuleåret 2019/20. har sjuande klasse på Rimbareid berre ein klasse på 24 elevar, med flytting av sjuande trinn frå Øvrebygda og Selevik på 15 elevar utløyste det klassedeling til hausten 2020.

Delinga av sjuande klasse har ein ein kostnad på 675.000, i tillegg kjem elevtransport 2019/20 og 2020/21 på 180.500 kroner.

Flytting av sjuande klasse kosta kommunen unødvendige 180.500 dei to første åra.

Sjuande klasse vil etter dagens prognose ha 50 elevar for skuleåret 2022/23, her kan det komma ei tredeling av klassar ved elevauke.

I heile planperioden med gjennomsnitt på 13 elevar vil den årlege skuleskyssen kosta 93.860 med dagens satsar.

Ser ein lenger fram får ein og klassedeling på sjuande trinnet i 2025.

Delplanane for skule er ikkje etter forvaltningslova som seier at skal ha ein skulebruksplan og ein skulestrukturplan.

I dag er alt samla i ein plan med 4 års tidshorisont, nabokommunane har høvesvis 8 og 10 år på skulestrukturplan.

Arbeidet med ny samfunnsdelplan har vist at opposisjonen sitt budsjett var framtidsretta med å bevara grendeskulane som 1–7 skular, og satsa på utvikling og tilvekst.

Arbeidarpartiet går til val for å tryggja oppvekst miljø for ungane med å satsa på dei tre skulane kommunen har i dag.

Høgre slo stort opp at dei satsa på ein grøn kommune med ladestasjon for elbilar i sentrum.

Arbeidarpartiet satsar på ungane, der 90 elevar kan sykla og gå til skulen og kjenna seg trygge i sitt vante nærmiljø.

Godt val!

Annar Westerheim,
Fitjar Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut