annonse

Ein trygg arena for alle barn

Trygge rammer
Trygge rammer: Randi Hagen Eriksrud og Bjarte Straume Epland i Av-og-til har skrive innlegg om kor viktig det er med gode og trygge rammer for barn og unge i idretten. I innlegget vert klubbar og idrettslag oppmoda om å ha retningsliner for alkohol i klubben. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Skal du på foreldremøte i idrettsklubben til barnet ditt i haust? Rekk opp handa og ta initiativ til ein samtale om korleis de skal handtere alkohol i laget og klubben. Det kan få i gang ein viktig diskusjon og føre til eit betre og tryggare miljø i barneidretten.

Det er ei stor tillitserklæring at mange overlèt ansvaret for barna sine til idrettsklubbane. Leiarane og trenarane er svært bevisste på dette ansvaret. Dei legg ned tallause timar for å skape gode opplevingar for barna i lokalsamfunnet vårt.

Ikkje alle barn har det tryggast på heimebane

Meistringa, tryggleiken og gleda dei opplever i idretten, er viktig for alle barn, men for nokre barn er dette spesielt viktig. I kvar einaste klubb kjem det barn på trening med ei vond hemmelegheit: Mamma eller pappa drikk for mykje alkohol. I vaksen alder vil mange av desse barna komme til å takke idretten for at han gav dei den fristaden dei trong så sårt då dei var små.

Alkohol øydelegg dei trygge rammene i idretten. Sjølv om haldningane er gode og dei aller fleste av oss tek avstand frå alkohol i barneidretten, er det diverre overraskande mange klubbar som har utfordringar med alkohol.

Problema oppstår som oftast der det er gråsoner. Eitt døme kan vere når klubben er på tur i samband med cup og overnattar på ein campingplass. Det er mange foreldre med, og ein legg opp til hyggjeleg sosialt samvær om kvelden. For mange er det då naturleg å drikke alkohol. Er det greitt? Kor mange glas er det i så fall greitt å drikke? Og korleis handterer ein det dersom nokon drikk for mykje?

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at nesten kvart tiande barn har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje. For desse barna kan det vere ekstra utrygt at det kjem alkohol på bordet.

Snakk om alkohol i klubben

Dei fleste er samde om at barneidrett og alkohol ikkje høyrer saman. Ei fersk undersøking utført av Ipsos på vegner av Av-og-til viser at så mange som 81 prosent i Stord ønsker retningslinjer for alkohol i idrettslag.

Ved å lage retningslinjer for alkohol får ein høve til å snakke saman i klubben. Korleis vil vi ha det hos oss? Retningslinjene blir dessutan eit verktøy ein kan bruke til å handtere uønskte hendingar dersom dei skulle oppstå.

Dei færraste ønskjer å krysse grensa for kva som er akseptabel oppførsel. Dersom klubben har klare retningslinjer for alkohol, er det lettare både for leiarane, trenarane og foreldra å ta sin del av ansvaret. Og du som forelder kan vere sikker på at barnet ditt ikkje får vonde og ubehagelege opplevingar når det er på overnattingstur med laget. Rekkjer du opp handa, kan du vere med og sikre at klubben blir ein trygg arena for alle barn.

Bjarte Straume Epland,
Av-og-til-koordinator i Stord kommune

Randi Hagen Eriksrud,
generalsekretær i Av-og-til

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut