annonse

Hurra for Fest i Vest og andre festivalar!

Festivalstøtte
Festivalstøtte: Torbjørn Brosvik meiner vinklinga i artikkelen i Sunnhordland den 26. juni ikkje gjer eit korrekt bilete av innhaldet i KrF sitt partiprogram. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

På bursdagen min 26. juni fekk eg litt av ei gåve frå avisa Sunnhordland. Med feite bokstavar i overskrifta vart det proklamert at Stord KrF ikkje vil støtte festivalar. Dette er sjølvsagt ei svært tabloid framstilling av programpunktet vårt der det står: KrF vil ikkje gje kommunal stønad til arrangement der det vert servert alkohol.

Me meiner at kommunale kroner, gjerne tatt inn som skattar og avgifter frå innbyggjarane på Stord, skal brukast forsvarleg og edrueleg. Vi vil gjerne stø arrangement som er positive og gode for born og unge, vil gjerne vidareføre og utvikle Frivilligsentralen og BUA og satse på førebyggjande helsearbeid, som til dømes Folkehelsedagane. Vi er gjerne med på å leggje til rette for at festivalar skal få gode vilkår, men ser ikkje at det er naudsynt at kommunen skal sponse arrangement der det vert selt alkohol.

Så skal avisa Sunnhordland ha ros for heile resten av artikkelen. Den er stort sett knakande god. Og det skulle jo berre mangle, den omhandlar programmet vårt som vi no går til val på. Her er mange godbitar om alt frå skule og oppvekst til trygg alderdom, via spennande saker som Fritidskort, næringssjef, fleire sjukeheimsplassar og opne bekkeløp. Sjå gjerne heile programmet vårt på www.krf.no/stord.

Torbjørn Brosvik
Ordførarkandidat
Stord KrF

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut