annonse

Ny tid for vasskrafta?

Pengemaskin
Pengemaskin: Fjoråret var eit rekordår for SKL og produksjonen gav eit resultat før skatt på 823 mill. kr, ein skatt på 468 mill. kr, og eit resultat etter skatt på 355 mill. kr. Dette er ei fantastisk verdiskaping som kjem oss alle til gode. Skattar og avgifter går til stat og kommunar, mens overskotet i stor grad kjem godt med i kommunale budsjett, skriv adm. dir. John Martin Mjånes. (Foto: SKL)

  • Meiningar

Norge er eit land med unike ressursar som me har forvalta godt. Vasskrafta og energibransjen har gitt oss industrialisering i det ganske land til ein, målt mot andre land, unik tilgjengelegheit og robustheit, og til ein rimeleg kostnad. Fiske og oppdrett har og gitt oss mogelegheit til vekst og utvikling. Begge desse næringane har vore viktige og vil verta viktige framover, men i dei siste 50 åra har sjølvsagt oljenæringa vore viktigast, og har – saman med andre naturressursar – sikra oss den velstanden og unike posisjonen som Norge har i dag.

Norge har også andre ressursar som gir oss mogelegheiter. Ein av dei er vindkraft på land, som i eit langsiktig perspektiv bør utnyttast på ein heilt annan måte enn i dag. Vindkraft til havs kan sjølvsagt òg gje Norge mogelegheiter. Vindkraft på land er lønsamt i dag, men synest vanskeleg å utnytta vidare slik det politiske biletet er i dag. Vindkraft til havs kan bli lønsamt i eit lengre perspektiv, og kan gje dagens leverandørindustri nye mogelegheiter.

Ein av dei ressursane som me kan utnytta betre er vasskrafta. SKL er den lokale kraftprodusenten og samla sett produserte me om lag 3.000.000.000 kWt i våre kraftstasjonar, noko som dekkjer straumforbruket til ca. 180 000 husstandar i eit år.

Fjoråret var eit rekordår for SKL og ovannemnde produksjon gav eit resultat før skatt på 823 mill. kr, ein skatt på 468 mill. kr, og eit resultat etter skatt på 355 mill. kr. Dette er ei fantastisk verdiskaping som kjem oss alle til gode. Skattar og avgifter går til stat og kommunar, mens overskotet i stor grad kjem godt med i kommunale budsjett. Haugaland Kraft, BKK og Stord Kommune eig 97 prosent av SKL. Haugaland Kraft og BKK har igjen lokale kommunar på eigarsida.

SKL har bygd og utvikla kraftverk i heile si 73 år lange historie, og me leitar stadig etter nye mogelegheiter til å utvikla og utnytta vassressursar betre.

Ei av dei store utfordringane me har i dag, som det er vanskeleg å få kommunisert på ein god måte, er at dei beste samfunnsøkonomiske prosjekta ikkje vert realisert. Dagens skattereglar gjer at dei beste samfunnsmessige prosjekta ikkje er dei beste bedriftsøkonomiske prosjekta. Det er lett å tenkja at SKL kan realisera dei samfunnsøkonomisk beste prosjekta fordi ein kan, men administrasjonen og styret fattar sjølvsagt avgjerder basert på kva som er best for selskapet. Kraftbransjen treng ei skattereform, som gjer at det vert lønsamt å oppgradera dagens anlegg til nye framtidsretta anlegg. Dette vil gje oss meir fornybar energi, men vil og visa vasskrafta sine unike eigenskapar i framtida som kan sikra straumen når vinden ikkje bles og sola ikkje skin.

For oss som driv med vasskraft er det òg fortvilande at skattesystemet, slik det er innretta i dag, gjer at «alle» vil satsa på vindkraft og anna fornybar energi. Av og til i Norge, men ofte i Sverige. Er det ynskjelege at investeringar vert flytta frå vasskraft over mot vindkraft, og frå Norge til Sverige?

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal vurdera skattlegging av vasskraft, og dei kjem med sin rapport i oktober. SKL, og vasskraftbransjen generelt, har gitt ein tydeleg bodskap til utvalet og politikarane at den ekstra skatten («grunnrenteskatt») som vasskraftprodusentane betalar, må tilpassast slik at det er reell «superprofitt» som vert skattlagd. Grunnrenteskatten skal sikra fellesskapet inntekter frå stadbunden verdiskaping som nyttar våre felles ressursar, slik kraftstasjonane våre gjer. Dette meiner me er rett. Men skattesystemet bør tilpassast slik at dei gode samfunnsøkonomiske prosjekta kan realiserast. I tillegg bør skattesystemet gjerast teknologinøytralt, slik at dette ikkje favoriserer bestemte typar fornybar energi.

Norge har rike fornybarressursar, og som samfunn vil me trenga meir fornybar energi i åra som kjem. Me må utnytta dei beste prosjekta, som gir lågast mogeleg miljøkonsekvensar for samfunnet. Dersom skattesystemet vert meir rettferdig, kan vi henta meir kraft og effekt ut av dei vasskraftverka som allereie er bygde og kor naturinngrepa allereie er gjort.

Me treng hjelp frå alle til å nå fram med denne bodskapen.

John Martin Mjånes
Adm. Direktør, SKL

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut