annonse

«Politikarane takkar pensjonistane på ein forunderleg måte»

Ikkje imponert
Ikkje imponert: Atle Bjørn Mæhle vart pensjonist i 2010, og reagerer på at pensjonistane ikkje får like mykje auke i pensjonane som løns- og prisstiginga utgjer. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Rett før kommunevalet var eg på eit møte som var skipa til av Pensjonistforeninga på Stord.

Representantar frå dei lokale politiske partia var med og fekk fortelja om alt dei gjorde for pensjonistane. Det var ikkje måte på.

No etter valet tenkjer eg på at det er dei same partia som sit i regjeringa og på Stortinget. Der fortel politikarane noko heilt anna.

I pensjonsreforma som vart sett i verk frå 1. januar 2011 hadde Stortinget vedteke å underregulera pensjonane, i 2019 gjer regjeringa framlegg om å ta pengar frå uføre pensjonistar og frå pensjonistar som forsørgjer andre.

I fleire år har politikarane fortalt oss at i løpet av få år blir det altfor mange pensjonistar i Noreg. Difor bestemte Stortinget i pensjonsreforma som starta opp i 2011 at dei må ta litt pengar frå pensjonistane kvart år. Pensjonistane skal ikkje få så mykje auke i pensjonane som lønns- og prisstiginga utgjer. Dette kallar dei underregulering av pensjonar. Pensjonistane misser litt av dei pengane som dei gjennom eit langt arbeidsliv har betalt av løna si for å spara til pensjon i alderdommen.

Eg vart pensjonist i 2010. Økonomane har rekna ut at dersom eg lever i 20 år som pensjonist, utgjer denne underreguleringa om lag 2 årsløner.

Grunngjevinga som politikarane bygde på då dei vedtok denne underreguleringa stemmer ikkje.

I tidsskriftet Pensjonisten frå august 2019 fortel Bjarne Jensen, professor i forvaltningsøkonomi ved Høgskolen Innlandet: «Virkningen av at vi blir flere eldre overdrives voldsomt og framstår som en bløff. Norge har hatt en svært lav andel eldre i sin befolkning, og andelen i 2060 er anslått å bli på det nivået som Sverige har i dag. Vi er for eksempel ikke i nærheten av å nå den andel Japan har allerede i dag, fastslår han.

-En helhetlig beregning av den såkalte forsørgerbrøken viser at den faktisk utvikler seg positivt, legger han til.

De som hevder at det blir for få yrkesaktive til å finansiere de eldre, tar dermed feil.»

Politikarane skapte tydelegvis ein falsk krisesituasjon for å underbyggja det dei gjorde.

Professor Bjarne Jensen seier: «--- en opplevelse av krise øker mulighetene til å få gjennomslag for reformer som flertallet av innbyggerne i utgangspunktet ikke er tjent med.»

No i 2019 har regjeringa gjort framlegg om at uføre pensjonistar får nedskjering av alderspensjonen sin, og at pensjonistar som forsørgjer andre vil få tilskot fjerna.

Også på andre område ser eg at regjeringa arbeider systematisk med å ta frå svake grupper i samfunnet og gje til dei rike og mektige.

Atle Bjørn Mæhle,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut