annonse

«Pride – ideologi, mangfald og flagging»

Stå mot press
Stå mot press: – Kommunar som ikkje har late seg pressa til å heisa regnbogeflagget når Pride-paradane vert avvikla, har teke ei fornuftig vurdering, skriv lesarbrevskribenten. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

I forhold til det mykje brukte ordet mangfald i Pride-samanheng og ny flagg-praksis, ønskjer eg å koma med nokre kommentarar.

Menneskeverdet er urokkeleg, noko som inneber at alle menneske har lik verdi uavhengig av ytre og indre

kjenneteikn, eigenskapar og funksjonsnivå. Dette tilseier at vi generelt treng å arbeida med eigne haldningar til andre, og spesielt til dei som er ulik oss sjølve.

Sidan mangfald handlar om ulikskapar, synest eg at det er viktig å framheva det sjølvsagde i at vi alle kan ha forskjellige oppfatningar, referansar og konklusjonar i forhold til eksistensielle spørsmål, inkludert den ideologi og tenking som utviklar seg gjennom Forening for kjønns- og seksualitetsmangfald og Pride-konseptet.

Følgjeleg blir det eit heilt naturleg val for mange å avstå frå deltaking på lokale Pride-markeringar. Det bør vel vera slik at mangfaldet også gjeld både dei som trur at Gud har laga skaparordningar som det er meint at vi skal halda oss til og andre som har heilt andre grunnar for ikkje å møta opp.

Når det gjeld regnbogeflagget, som eigentleg er eit plagiat av den ekte regnbogen med sju fargar, kunne ein spesielt i starten av ny flaggpraksis i samband med Pride, registrera at mange såg den problematiske sida ved å avvika frå vanlege reglar for flagging. Den største utfordringa som kan bli aktuell å ta stilling til i framtida, vert truleg å velja ut kva grupper, lag og organisasjonar som skal få løyve til å flagge offentleg.

På bakgrunn av ein slik tankegang, synest eg at kommunar som ikkje har late seg pressa til å heisa regnbogeflagget når Pride-paradane vert avvikla, har teke ei fornuftig vurdering.

Reidun Heradstveit

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut