annonse

Skyss og ferjeruter

Kritisk
Kritisk: Jan Hevrøy er langt frå imponert over Skyss, som i sitt nye ruteframlegg foreslår å redusera kraftig på talet på avgangar, blant anna på ruter som er fulle av hyttefolk eller pendlarar. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

På Fjelbergsambandet foreslår Skyss å leggja ned to av dei mest trafikkerte rutene. Fredag frå Skjersholmane, og søndag frå Fjelberg. Fulle ferjer med hyttefolk.

På Jektevik – Hodnanes – Huglo sambandet, foreslår Skyss å leggja ned ein av morgonturane med mest trafikk. Full ferje med pendlarar og skuleungdom. Samt ein av ettermiddagsturane, som og er full av pendlarar og skuleungdom på veg heim.

Les også: Kjempar for helgeferja på Fjelberg

Er det fleire enn meg som no har byrja å skjøna at Skyss ikkje har peiling på kva dei driv på med?

Jan Hevrøy

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut