annonse

Svar til anonym brevskrivar

Svarar
Svarar: Reidar Ådnanes svarer ein anonym brevskrivar om vigsel av likekjønna. (Foto: Hans Ole Dalland / arkiv)

  • Meiningar

Eg ser det ikkje som naudsynt å svare offentleg på anonyme brev som hamnar i postkassa mi. Men eg gjer det likevel her, mellom anna fordi eg trur fleire kan ha om lag same reaksjon som denne brevskrivaren som underteiknar med A.J.Ø.

På bakgrunn av oppslaget om den første samkjønna vigsel i Sunnhordland utrykkjer han sorg og sinne over «fråfallet i kyrkja», sidan me kan tillata denne «styggedomen». Han les også det som er referert frå meg slik at eg fullt ut støttar den nye ordninga. Eg kan forstå at det kan tolkast slik, men det er nok ikkje heilt sant.

Eg uttala meg som fungerande prost om korleis kyrkja har bestemt at den nye ordninga skal praktiserast. Og det er altså slik at dei som ynskjer samkjønna vigsel etter den nye ordninga skal bli møtt på same måte som andre.

Slik det går fram av reportasjen i bladet er det berre to-tre prestar i prostiet som er viljuge til å via samkjønna par. Prosten og kyrkjeverjene disponerer då prestane og andre tilsette i prostiet slik at dette lar seg løysa.

På bakgrunn av dette er overskrifta om at me «ynskjer alle velkommen i kyrkja» dekkande.

At me i kollegiet har ulikt syn på dette er vel kjent, men me har altså valt å respektera at andre har kome til ein anna konklusjon om korleis ein skal forstå tilhøve mellom tekstane i bibelen og dei ordningar samfunnet har for ekteskap i dag.

Reidar Ådnanes,
ikkje lenger fungerande prost

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut