annonse

Turbulens i trafikken

Utsett for press
Utsett for press: Gisle Tjong brukar sykkel som framkomstmiddel, og har ofte vore utsett for trafikkfarlege situasjonar. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

I sist veke skreiv Sunnhordland om ein bilist som pressa ein mopedist av vegen ved Heiane, og onsdag vart ein syklist på Bømlo påkøyrd av ein bil.

Eg har vore utsett for slik pressing av bilar som passerer meg fleire gonger. Faktisk fysisk kontakt. Sjeleglad for at det gjekk bra. Og nesten-kollisjon i samband med hasardiøs forbikøyring like sør for Sandvikvåg. Og i langt over alle tenkjelege fartsgrenser på staden. Og små eller store bilar, ingen forskjell. Forferdeleg å ha 25 cm avstand til eit langt vogntog. Du føler det som ei æve, og at du balanserer på ei tynn line, med masse ubereknelege luftstraumar rundt deg. Turbulens kallast det visst.

Gisle Tjong

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut