annonse

«Utvida aldersgrensa for ungdomskortet frå 20 til 23 år»

Kollektiv
Kollektiv: Ei stemme på Arbeiderpartiet er ei stemme for at ungdomskortet skal vare lenger enn i dag, skriver Stian Davies og Karianne Torvanger. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

Arbeidarpartiet vil utvide aldersgrensa for ungdomskortet til 23 år, fordi vi vil at Vestland skal være det beste fylket for unge.

I dag kan ein bruke ungdomskortet i Sogn og Fjordane fram til du fyller 20 år medan det i Hordaland gjeld til du har fylt 21 år.

Unge mennesker reiser ofte kollektivt og miljøvenleg. Vi jobbar for at det, uansett kvar du bur, skal det være eit godt buss- og ferjetilbod. Nokre har og eit viktig togtilbod.

Ei stemme på Arbeiderpartiet er ei stemme for at ungdomskortet skal vare lenger enn i dag. Vi har eit mål om at alle skal kunne reise med ungdomskort frem til du fyller 23 år.

Det kan være dyrt å reise med bussen som ung. Nokre born og unge kjem frå familiar med god råd, medan andre ikkje har så mye å rutte med. Vi meiner at storleiken på lommeboka til foreldra ikkje skal sette ein stoppar for at ungdom kan reise rundt i fylket - anten det er til skule, jobb eller på fritida. Enkelte vil ta seg en tur til byen i helgene medan andre har fått vener på skulen som bur eit stykke unna.

Det er viktig at mange unge opplever at det er enkelt og rimeleg å reise kollektivt. Som vi veit, har det ein positiv effekt på klimagassutsleppa og lokal forureining, at folk vel å reise miljøvenleg. Då trur vi at det er lurt dersom unge mennesker blir vant til å reise kollektivt tidleg i livet.

Fram til 2030 må verda halvere alle klimagassutsleppa. Korleis vi reiser og flytter på oss spelar ei avgjerande rolle for om vi når dette målet. Det er viktig at bussar og ferjer brukar miljøvenleg teknologi, men vel så viktig at så mange som mogleg bruker tilbodet og at det er ikkje er for dyrt.

Ei stemme til Arbeiderpartiet er ei stemme til eit meir miljøvenleg fylke og eit betre fylke for ungdom.

Stian Davies og Karianne Torvanger,
fylkestingskandidatar for Vestland Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut