annonse

Verda treng fornybar energi

LESARBREV
LESARBREV: Gisle Tjong. (Foto: MAGNE KYDLAND/ARKIV)

  • Meiningar

Eg ser at 150.000 har organisert seg mot vindmøller, særleg møller på land. Dette er vanvetig. Verda treng all den fornybare energien som berre kan skaffast! Og andre har lært seg å leva med møller tett innpå seg, nærast oss på Torvastad. Der er det ingen som protesterer, verken mot det visuelle (tvert imot), eller det lydmessige. Og hugs at namnet Kjøtteinen vert tolka til Vindneset. Vindenes har me òg i Fjell kommune, og sør for oss har me Vindafjord kommune. I mitt atlas er det 24 namn på Vind-, og mange av dei går på stader i låglandet. Blæs det ute på havet, og i fjellet, så gjer det det midt imellom og, noko andre har funne ut tidlegare. Viss me har nok energi (Folgefonna er vekke om 100 år), så kan energien eksporterast, og erstatta kolkraft, som heldigvis vert meir og meir fasen ut.

Kjernekraft bør òg vera eit alternativ. Motstanden mot dette er nokså irrasjonell, per 2019. Igjen, verda treng energi, og særleg klimavenleg energi. Her er nokre data frå ulike måtar å skaffa energi på. Det gjeld dødsfall per TWH, eller terawattime. Det er ein million million wattimar.

Vasskraft 1,4 menneske.

Kjernekraft 0,09 menneske.

Sol og vind ca. 0,1 menneske.

Kolkraft 100 menneske.

I 1975 braut ein demning i Kina, vasskraftdemning, og det tok livet av 200.000 menneske.

Tsjernobyl-ulukka tok medrekna dei som fekk livet forkorta, ca. 4000 menneskeliv.

Til samanlikning tok luftureining, mykje av det frå kolkraftverk, livet av åtte millionar menneske kvart år. Eit menneske kvart fire sekund. Og i så fall 8x33 = 264 millionar menneske, sidan Tsjernobyl-ulukka i 1986.

Prismessig kjem kjernekraft ut om lag som andre kraftkjelder, men vesentleg billegare enn havvindmøller.

Dette vil nok pressa seg fram over tid, uansett, som andre ikkje-ureinande kraftkjelder, rett og slett fordi me vert nøydde til å leggja om til rasjonell tenking med omsyn på klimautviklinga. Skulle helst ha skjedd for lenge sidan, sjølvsagt. Svenskane har forstått det, kva tid skal me koma etter?

Gisle Tjong
Stord

Les også: Utgifter til vatn


 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut